torsdag 22. september 2011

TUR I "TROLLSKOGEN"

Vi hadde oss ei flott helg i barndommens bygd... Det vart fleire fine turar i det nydelige haustværet. Ein av turane gjekk innover "Trollskogen", her var mykje fint å sjå... Mange trær med "knurta" på, dei ser skikkelig trolske ut ;-)


 Mira storkoste seg i det flotte terrenget, sprang rundt mellom tuene og på stiane... Ho fant mykje spennande å snuse på!! Hjorteskit, sopp og bær! Ho elskar blåbær og tyttebær, det smakar nydelig synest ho!!
Tid til litt musejakt fekk ho også, sjølv om ho ikkje fekk fangst denne dagen...


Etterkvart var det nødvendig med ein liten pust i bakken ;-)



1 kommentar: