onsdag 14. september 2011

Fjelltur ;-)

 Fjellturar har det blitt mange av dei siste månadane, for nokre veker sidan gjekk vi ein ny veg (for min del) Denne gongen gjekk vi opp like ved den nye hallen her på øya..
Vi kom opp på fjellet og gjekk forbi vassverket mot Rødhammaren...

Kjempefin utsikt!!



Skogen er innimellom djup og mystisk...



Frå Rødhammaren gjek turen vidare og utsikta er kjempeflott!
Det åpnar seg eit åpent landskap.

Her er vi på vei ned "kantaraua", den er innmari bratt men tilogmed ej med min høgdeskrekk kom meg heilskinna nedatt ;-)
Vi tok deretter turen om Tverrfjellet og heim ;-)



1 kommentar: