mandag 14. mars 2011

JAPAN...

I desse dagar har verden augene retta mot Japan. Det er så ufatteleg det som skjer der borte, verden vert så lita... Og kanskje litt skremande! Forferdelege bileter fyller fjernsynsskjermen etterkvart som media har noko å melde, og det har dei.. Byar er utsletta, tusenvis sakna, atomreaktorar skada og trusselen om eksplosjon er overhengande... Dersom det skjer, er katastrofen enda større :-(

Når katastrofer som denne skjer vert vi svært engasjerte og tenkjer på alle som har tøffe dagar! Samtidig takknemmelige for vår egen lille verden som har berre "småkatastrofer" rundt oss...
Som han sa ein på bussen idag, når blodtrykket vert for høgt  for desse "katastrofene" så kan ein løfte blikket å sjå kva andre må leve gjennom... Då vert ein i grunnen takknemmelig for at ein får lov å ha små hendingar i livet sitt og ikkje store katastrofer...

Mine bønner og tankar går til dei som har ufattelige sorger i livet!!

lørdag 12. mars 2011

Kakehobby ;-)

Denne veka var eg i Bodø på kurs fram til onsdagen.. Flyet landa så seint på Vigra at eg måtte skaffe overnatting på veien heim, det er kjekt med ei go`tante i nærleiken ;-)

Sidan vi skulle ha eit bursdagsopplegg på jobben fredag hadde eg tilbydd meg å bake kake... Hadde ikkje tenkt på at eg ville få litt tidspress torsdagen ;-D
Då er det godt å ha ein supermann i heimen, han bakte sukkerbrødet for meg!!!
Dermed var det berre for meg å fylle kaka og pynte den...


   KJEMPEFORNØGD 
   
 med resultatet, og mannens innsats var super!!! Kaka blei god ja ;-)

Det vart att mykje så idag har vi hatt restefest!!

mandag 7. mars 2011

Ut på tur....

Denne vekå har eg ei litt "annerledes" veke! I staden for å være på jobb har eg fått reise på HMS-kurs i Bodø ;-) Det er også jobb, men ein annan kvardag enn vanleg...
Veldig spennande, og kjekt!! Eg trivest i jobben min, men det er avogtil kjekt med nye "innputt"...

Etter ein lang dag ned undervisning vart vi frakta med buss ca. 1 mil utforbi byen til ein lavvo.. Der fekk dei som ville rusle ein tur ned til fjæra før middagen vart servert... Nydelig biff med poteter og stekte grønsaker!! Underholdning og godt selskap ;-)

Og to dagar til står ennå for tur... I morgen håpa eg på litt tid til å rusle i byen, og kanskje shoppe litt?? Alltid kjekt med nye butikkar!

fredag 4. mars 2011

VÅRTEGN!!!!


Tok ein liten tur i hagen i dag, berre for å sjå korleis det står til etter vinteren...
Eg fant desse skjønne klokkene, berre må dele dei med andre ;-)

Roser...

Fikk flotte roser for en stund siden, av gode venner ;-)
Rosene var utrolig flotte, disse var i mange farger.
Nyyydelig!! 

GOD HELG!!

Påskepynt

Den siste tida har eg hatt eit lite prosjekt på gang ;-)
Tjukke strikkepinnar og Fritidsgarn... Og mønster frå Mikk-L design!!
Mønsteret var veldig greit å følge, store masker gir raskt resultat ;-)
Denne fekk ein annan "kam" enn på mønsteret, men eg "måtte" teste ut korleis det vart ;-))

Klar for ein omgang i vaskemaskinen!!

Flossete og mjuk ;-))

To gode venner!!





Hele gjengen så langt ;-)) De mangler øyne, men det skal det bli!! Etterhvert "flytter" de nok ut herfra og får seg nye hjem.....