lørdag 30. juni 2012

Tantebesøk :-)

Denne veka har vi hatt besøk....
Av den nest-eldste av tantejentene på tante si side, så innmari kjekt at ho ville kome. Heilt åleine... Eg var på flyplassen og henta ho mandag :-)
Allerede mandag kveld var vi på ein liten fjelltur ilag med Mira. Tirsdag var ho med meg på jobb og om kvelden var det kveldstur.


Onsdag stod høgaste toppen for tur, men først var det laging av marsipanroser. I morgon er det ei venninne som skal gifte vekk yngste sonen, og eg har baka kake. 
På veg til "Mannen" traff vi på denne karen, ikkje av dei vi hadde mest lyst å treffe nei...


På toppen var det tid for ein godbit på både 2 og 4 beinte...


Torsdag var eg på jobb og personalmøte så da var M. heime ilag med onkel.
 M. og tante var på fotoshoot på kvelden, solnedgangen måtte forevigast...


Idag har vi handla og pynta bryllupskake, godt å ha hjelp... 
No er kaka klar for levering, monteringa vert først når vi er framkomne....
Rosene er laga i 2 lillafargar... Og bilde kjem seinare :-)



WILMA

Velkommen i nabolaget, Wilma ;-)


Lita og trøtt, må ha litt kvil innimellom...



Hmmm... Kven er du? 


Spennande å treffe kvarandre, også for dei tobeinte var dette spennande... Ville det gå bra?
Mira var litt tøff, men Wilma er tøffare enn toget ;-)

Forhåpentlegvis vert desse to gode venninner!!


Jonsokaften 2012

Vi feira jonsokaften på ungdomshusa i år som i fjor, der var rømmegraut og kaker, loddsalg og bordkonkurranse... Og utpå kvelden dukka endåtil eit "brudepar"...
Nydelige i kvit kjole m/slør og "kjole og kvitt" var dei eit flott par :-)



Mira låg i bilen, men når det var tid for båltenning så var ho med...


Og jonsokbålet var større enn i fjor, som det brukar ;-)
Eit flott syn når natta seig på...

torsdag 21. juni 2012

JEGER'N

Yippey!!!! Har denne våren delteke på JEGERPRØVE-kurs!! I dag var dagen komen for eksamen,eg var spent, men no er eg jeger ;-) For eg bestod eksamen!!! Har hatt god tid å lese siste veka, sitt på sjukehuset... Har tekje, og ventar endå på nokre andre undersøkelsar! Kjedelig, men sånn er det no berre. Når helsa ikkje er på topp så er det godt ein kan få hjelp! Så den STORE lukka idag var å greie eksamen! Gledar meg til jakt no!!!
Og her er beviset :-)