fredag 24. februar 2012

FEILTAKELSE...

Idag har eg gjort noko eg ikkje skulle gjort!
Satt og skulle legge til ei nettside til ei side eg trudde eg visste adressa til... Og så blei eg lagt til som følgjar på noko eg ikkje er interressert i å være følgjar av!!! Er det andre som har vore borti det problemet og som kan hjelpe meg???
KORLEIS SLETTE SEG SOM FØLGJAR PÅ NOKO EIN IKKJE YNSKJER Å VÆRE FØLGJAR AV????
Har vore i kontakt med Google, dei henviste meg til slett.no
På slett.no fekk eg svar av ein hyggelig kar som ville prøve å hjelpe meg, men han syns det var rart google henviste meg dit då... Så no håpar eg at eg får svar - og hjelp!
Viss ikkje vert denne bloggen sletta i sin heilhet, og eg må starte på nytt!!


Etterord 01.03.2012:  Det kan sjå ut som eg har fått hjelp på problemet mitt, eg er ikkje oppført som følgjar lenger på det eg ikkje ynskte å være på... Men har ikkje blitt kvitt problemet på "leselista" på sida mi... Så dersom nokon har tips for å hjelpe med det så er eg takknemmelig for det!! Men enn så lenge ser det ut som eg kan fortsette!
DÅ VAR SISTE PROBLEM OG BORTE.... KJEMPEDEILIG!!!



torsdag 23. februar 2012

Fargerikt fellesskap!

Set og ser på Debatten på NRK1 om slankeoperasjonar. Sjølvsagt er nokon  totalt motstandarar av dette, men for nokon er faktisk det det einaste som kan være hjelpa ein treng! Sjølv har tante og gubben levd lavkarbo i snart 2 år og dei same personane er ofte motstandarar av dette. Eg skal ikkje ta den debatten her, til det har eg ikkje fagkunnskapar nok. Men vi har valgt dette kostholdet fordi det har fungert bra for oss!! Og for den som då måtte tru at vi lever av kun bacon og egg så må dei tru omatt! Her er kveldens godis ;-D


Bildet talar vel for seg sjølv... Her kan ein berre nyte i vei! Ta dei grønnsakene du likar best! Vi brukar dip til, rømme med holiday-pulver (potetgull-dip)

KJEMPEGODT!!!!!

onsdag 22. februar 2012

Maskemarkører!

Det er mange år sidan eg starta å strikke, allerede då eg gjekk på barneskulen strikka eg på ein barnegenser som aldri vart ferdig :-)
Seinare i livet har eg strikka ferdig maaange prosjekt, men aldri har eg brukt så flotte maskemarkørar som eg nyleg har kjøpt...
Eg har som regel brukt ein tråd-ende og det har vore greit det altså.
Men etter å ha blitt ivrig nettbrukar også på ulike hobby-bloggar så har eg no skaffa meg dette vesle som eg ikkje visste eg hadde bruk for :-)
OG EG HAR IKKJE ANGRA :-)



Er den ikkje flott?? 
Og faktisk enklare enn ein trådstubbe (som ofte klenga seg med i strikketøyet)
Heretter vert det kun maskemarkørar! Eg kjøpte mine frå ei venninne frå studiedagane. Her er bloggen hennar http://torilagnesdesign.blogspot.com


Eg held også på med bunadsstrømper, når eg feller inn i holranda på dei så er det viktig å gjere det på samme plass på begge strømpene. Eg har telt og telt, no kan eg berre sette inn ein maskemarkør på den omgangen som det er begynt å felle inn på.... MYKJE enklare! 

Markørane har 2 forskjellige fester, det gjer at det er enkelt å feste i strikketøyet.. Eller ha den på pinnen og flytte den frå omgang til omgang!

Berre sidan eg kjøpte desse for knappe 2 veker sidan har eg hatt stor nytte av dei! Dette skulle eg hatt før, men bedre seint enn aldri!!




mandag 20. februar 2012

Bunad og sjukmelding

For tida går tante sjukmelde heime, eg går eindel på fjellet (kan heldigvis det) og ellers broderer eg på bunad igjen... Min 3. bunad er på gang, denne skal til nabo`n`s ;-)
Det er utrulig kjekt med brodering, eg starta med forkleet slik eg lærte då eg gjekk kurs for å lære bunadssøm... Då får ein god trening på stinga til ein kjem til ryggen, det er den alle ser... Berre tenk på det, 17.mai i kyrkja, i ein barnedåp, bryllup eller andre festligheter der ein har sjansen til å bruke bunaden sin... Kva ser ein best om ikkje ryggen til den som sit framfor seg? 


Og så strikkar eg litt, "Marius" er alltid moderne, den er det ei tantejente som skal få etterkvart... Svart/Kvit/Rød... Med rundfelling, enkelt og greit å strikke det.
Det er godt å ha handarbeidet å halde på med for dagane kan jo vert litt lange. 


Mira koser seg med fjellturene, og ellers slappar ho av i fotenden på sofaen... Eg slappar og av på sofaen eindel, tidlegare i dag sovna eg på sofaen etter eit legebesøk. Då eg våkna var det med ei bikkje på ryggen som låg med beina i været og sov ;-) 
I går kom det endelig litt snø og tante såg føre seg at no skulle det bli ein skitur eller to... Men neida, i løpet av natta blåste det opp og begynte å regne så no er det meste av snøen borte. Kanskje er vi heldige å få litt meir snø, hadde vore kjekt å gå på ski...