torsdag 8. september 2011

Ferien vår ;-)

Turen gjekk nordover, vi hadde flotte dagar med finevær! Var innom Tronheim på veien før vi reiste utover til Namsos... Hadde tenkt å overraske ei venninne med besøk, men ho var dessverre ikkje heime.  Namsos var ein fin plass, og der som andre stader vi besøkte fant vi oss ein campingplass for overnatting :-)

Polarsenteret på Saltfjellet vart besøkt! Og litt shopping vart det der...

Flott minnesmerke i marmor!!
Det var flotte dagar på vei nordover og vi nytte dei, men må seie at under overflata var vi nok veldig spente... Vi hadde nemmeleg tenkt oss på overraskelsebesøk til venner i nord... Dei visste ikkje vi var i området, og dagen etter dette så dukka vi plutselig opp utanfor kjøkkenvinduet ;-)
Kjempemorro, vi vart veldig godt mottatt og tilbrakte to dagar saman med dei. Vi fekk også omvisning til Svartisen oppå fjellet... Mira koste seg saman med deira "Knerten"...


Her står vi på demninga og ser mot Svartisen...

En kjempeflott sommerkveld...

Knerten og Mira i eit rolig øyeblikk... Leikne kvelpa må også ladde batteria ;-)

Etter nordnorge gjekk turen tilbake til trøndelag... Ikea besøkte vi også, men då kvelden nærma seg hadde vi nådd til Røros.. Vi hadde ein flott kveld og dag der oppe... Det fristar til fleire og lengre besøk...

På vei til vestlandets barndomsbygd var vi også innom i Alvdal og besøkte desse to ;-)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar