tirsdag 27. mars 2012

Vårens første....

Idag har eg tatt inn vårens (og årets) første ordentlige bukett med påskeliljer frå eigen hage...Desse var sprutne ut i hagen, ikkje tekne inn som knoppar som dei eg fant for nokre veker sidan...Kan ikkje hugse å ha fått inn dei så tidlig før om åra, utan at eg har forska så veldig på det då ;-)


Uansett veeeldig eit veldig trivelig vårteikn!!
Litt dårlig bilde no i kveldinga... 

Mira og eg har ellers vore ein tur i byen idag, til dyrlegen.
Oppdaga at ho hadde eit væskandes sår på ryggen, etter å ha kikka skikkelig på det i går så vart det bytur på ho i dag... Sannsynligvis ein betendelse, gamle hudceller som samlar seg og når det blir for gale så verker det hol... Sånn ca. forklart... Det har eit latinsk navn, men eg hugsar ikkje det :-)
Ho var veldig flink med dyrlegen, lot han barbere pelsen der såret sitt uten noe tull!!
Sprøyte fikk ho også, og fortsatt ikkje ein lyd :-)

Så når vi var ferdige og satt i bilen og venta på ferga heimatt så vart det premie :-)
No ligg ho på bringa til gubben og søv... 
Kvalitetstid med "far" :-D

 Gratulerer med 20-årsdagen til R. 

søndag 25. mars 2012

Jarlvollens Mira

Vi har vore på utstilling i helga med Mira... Kjempespennande for dette har vi ikkje gjort før :-)
Langt måtte vi også, heilt til Melhus på Villmarksmessa der. Korleis dette går føre seg, og kva ein må gjere for å få premiering? Sjå det visste ikkje vi :-) 
Men reiste med friskt mot gjorde vi, og jammen huska vi å børste snuppa før vi gjekk i ringen (hahaha...) 
Fekk jo sjå at mange både børsta og polerte hundane før utstillinga... Dusjing var visst ei sjølvfølgje... Jaja, neste gong får vi no i allefall dusje ho då kanskje ;-)


På vegen var vi på besøk hjå tante og onkel på O. der vi fekk full oppvartning før vi køyrde vidare. Mira fekk springe av seg litt energi ilag med deira hundar, Tiril og Varga.



Mira og Varga, to gode venninner som viste seg å ha felles oldeforeldre på mors-sida :-) Sidan dei er kjøpte på ulike stadar i landet var jo dette ei litt artig tilfeldigheit som vi oppdaga no... 


Varga storkoste seg med å gnage godbitar! 
Mira derimot stakk ein tur nedpå vegen og helste på nokre hestar, øyrene virka ikkje så godt når ho finn noko meir interessant... 

Så vart det  ein 
ny dag...

På Melhus oppdaga vi at den eine kull-søstra til Mira også skulle delta. Vi fant ut kven ho var og tok kontakt med eigaren (frimodige ja)...
Lurer litt på om dei kjenner kvarandre igjen eller kva? Men dei var no litt interesserte i å helse på kvarandre :-) 
Dei var ikkje så veldig like av utsjånad, men litt samme lynne hadde dei... Medan andre hundar "gnall" og bjeffa rundt oss var desse to veldig rolige...


Artig på hundeutstilling :-)
Søstra vart ikkje premiert pga rødskjæret i pelsen, Mira var heldig å få blå sløyfe... Ein "midt-på-treet"-plassering ;-)
Dei som fekk raud sløyfe fekk gå ein gong til i ringen, og vart deretter premiert som dei beste i klassen... Vi hadde verken dusja eller "polert" bikkja og syntes det var "storsvært" berre å få ei sløyfe...


Og uansett så er jo Mira "verdens beste bofselofs" :-)


Stor glede over å treffast att.... 
På veg heimatt idag var vi innom tante og onkel igjen, slik at vi fekk vist fram "premiehunden" vår ;-)
Mira og Varga er begge 1 år mens Tiril, lengst til venstre, er heile 11 år...


tirsdag 20. mars 2012

MIRA 1 ÅR

HIPP HIPP HURRA!!!!!!!!!!
MIRA lurer veldig på kva som er på hodet sitt...

Kva er dette????

Sitte pent før kakesmaking, sjå det greier ho fint... 
Ho likte godt kaka, den gjekk ned på høgkant den ;-)



Kviletid med gubben som er kommet frå jobb...

lørdag 10. mars 2012

Mira møter Mia

Då vi kom frå fjelltur idag trefte vi Mia og matfar på vei til tur. 
Kjempekjekt syns Mira, spennende syns vi.
 Det har til nå gått bra med nesten alle hundene Mira har treft. 
Berre ein gong var det ein hund som ikkje var spesielt glad for å få ein annan hund inn på sitt revir! Men ho hadde ein del hjortebein gjøymde som ho var redd for :-)
Men med Mia har det til no gått veldig bra! 


Mira kosar seg med å leike med Mia...


Mira prøver å yppe seg litt her...


Men det er ingen tvil om kven som er sjefen, 
berre legg merke til labben til Mia :-D

fredag 9. mars 2012

Vår og regn...

Ja, så kom det... Regnet altså! Dei siste dagane har det blåst og regna som om det var ein god, gammeldags hauststorm her på øya... Frå verandaen har utsikta vår endra seg, vi har plutselig to sjøar ;-) Markane er overfløymde, tante har lurt på om ho ikkje skulle hatt seg ein robåt! Hadde sikkert kunna tatt en rotur på markane no!!


Då er det godt å være inne, og ordentlig koselig var det når vi fekk besøk av gode venner  til ett lite kaffislabberas... 



Serveringa var enkel, sjokolade og peanøtter! 
Desse flotte skålene har eg kjøpt på Hakallegarden (http://hakalle.blogspot.com)
Det er ein flott gård som er verdt både eit og fleire besøk om du er på dei kantar av landet!

Heldigvis er det vår inne... 


Påskeliljer frå egen hage er ikkje å forakte i begynnelsen av mars... Fant desse som knoppar, etter nokre dagar inne så lyser dei opp i stova!!

torsdag 8. mars 2012

Vintersalat

I morgon skal vi delta på eit arrangement her på øya, og eg har fått i oppdrag å smørje rundstykker!  Eg har laga vintersalat idag som eg skal ha på dei. Denne salaten brukar ei av mamma sine venninner nesten alltid å lage til basarane i heimbygda mi... Den er så utrulig frisk og god, den er laga av hodekål, gulerøtter, purre, paprika og sylta agurk. Og ein god dressing... 


Smurte på rundstykker med salat...



Eg har fått oppskrifta av eine tanta mi. 
Tusen takk, tante B.

MIN HEMMELEGE VENN

På jobben min har vi hatt "hemmeleg venn" i personalgruppa :-) Eg har vore sjukmeldt siste månaden, men har vore innom eit par gongar. Den eine gongen fant eg ein kjempefin lipgloss frå MaryKay, som tilfeldigvis er min favoritt hudpleie-serie!! I går når eg var innom på jobb fant eg ein pose i skapet mitt, gjett om eg skal kose meg med dette innholdet...


Deilig krydderte å varme seg på i kalde kveldstimar!


Dette flotte kortet låg ilag med , var det ikkje fint?
Og inni var det gode ord!


KJÆRE HEMMELEGE VENN, 
TUSEN TAKK!!

søndag 4. mars 2012

Årets første turist?

 Om ikkje det er det første turistskipet i år, så er det i allefall av dei første!! 
På dagens fjelltur kom vi akkurat opp på Mannen då denne båten seig forbi ut fjorden...


Eit flott syn!!

NR.100...

Dette er mitt innlegg nr.100 og det passa så godt med ein liten bukett.... 
I går etter fjellturen var eg ein tur på butikken, det første som møtte meg var eit bugnande bord med fine blomster. Både bukettar og plantar men eg fekk så lyst på tulipanar. "Ta 3, betal for 2"... Falt for desse fine i lilla og lys rosa ;-)



Lysestaken fekk vi til jul, er den ikkje flott?? No har eg rosa lys i den for det passar så fint til blomane. 

fredag 2. mars 2012

FJELLTUR I VÅRSOLA

Idag har vi vore på "topptur" på Mannen igjen... Mira har storkosa seg, mykje av tida kunne ho gå utan band. Det er stas, då får ho snusa litt ekstra rundt i musahola som finns i vegkantane ;-)


Her er to bilder av ho i fullt firsprang tilbake til oss. Det er ikkje alltid øyrene virkar like fort, men ho vert stadig betre ;-)


Snart er Mira 1 år, ho vart fødd 20.mars i fjor!
Hmmm..... Kanskje vi må selskap?? Hihihi......

ÅRETS FØRSTE VÅRDAG...

Dei siste vekene har eg sett det har begynt å spire i hagen. Eg har gått og venta på snø heile vinteren, kunna tenkt meg nokre skiturar... No må eg nok innsjå at våren er her snart, her er nokre små vårtegn Mira og eg fant uti hagen vår idag. Snøklokkene var nok dei eg mest venta å finne...


At krokusane var komne så langt var eg litt overraska over, men desse står lunt og skjerma under ei edelgran ;-)
Fine er dei i allefall...

Desse er ein kraftigare variant av snøklokkene, og brukar å kome litt seinare... Men no er dei på full fart mot vår dei og ;-)

Det som overraska meg mest var at påskeliljene hadde kommet så langt at dei har fått knoppar! Eg fant fleire "tuer" med påskeliljer i knopp!

DET ER VÅR!!


Verdens beste!!!

Kjært barn har mange navn, så også denne kaka... 
Mange kallar den verdens beste, eit anna navn er Kvæfjordkake! Mi svigermor kallar den Bodøkake for oppskrifta ho har kom frå dei traktene :-D


Uannsett navn så er den utrulig god, og enkel å lage... Denne laga eg til eit møte her på øya. Håpar den smakte. Oppskrifta eg har fekk eg av eine tanta mi, eg tenkjer alltid på ho når eg bakar denne! Det er litt meir egg i denne enn i mange andre oppskrifter eg har sett, men så vert den dobbelt så høg også...
Hemmelegheita er å piske eggedosisen ekstra lenge!

Neste gong eg skal bake den skal eg prøve å bytte ut kveitemjølet med potetmjøl. Dersom det vert god så vert den glutenfri! 
Fekk eit tips om det, det må utprøvast. 


SKATTAR FRÅ SVUNNE TIDER....

Då vi kjøpte huset vårt stod det att eindel ting og tang... Spennande for ein samlar som meg ;-) Her er nokre eksempel, desse blomsterkrukkene er nokon av dei flottaste eg har, utruleg flotte!!


Så forseggjort og flott med "blondekant" og blomster...


                     Ein annan skatt var denne blå krystallskåla, er den ikkje flott?



Vi er heldige syns eg, vi brukar den til bær, krem, nøtter etc. 
Har DU slike skattar? Bruk dei og vis dei fram :-D