fredag 31. desember 2010

Nyttårsaften

Nyttårsaften er enno ung!
Gubben har kjøpt seg ei boks med fyrverkeri...
kanskje vert det nokre flott foto i år også ;-)
NB. Ta hensyn til alle våre 4-beinte venner!!

torsdag 30. desember 2010

Sarah Bernhardt....

Har hatt litt besøk i kveld, blandt anna kom broder`n innom... Medan han var her ringde telefonen, det var min 12 år gamle nevø. "Du pappa, kan du ikkje spørre ho tante om ho har ein Sarah igjen???"

Og jaudå, det vart ei råd med det!!! 

No er det berre ei att, den ligg innpakka og skal høgtidleg overrekkast den same karen i morgon kveld ;-)

Karamellpudding...

Tradisjonar 
Juletida er tida for å halde vedlike dei gamle tradisjonane også i matveien... Idag har eg laga karamellpudding frå grunnen :-)

Eg starta med å brune 5 dl. sukker til å glasere forma... 
(nok til 2 former, 1 stor og 1 lita brødform)
Bruk svak varme!!

Det "klumpar" seg ein del...

Ferdig... OBS! VARMT!!

Deretter haes det i forma og "renn" litt ut i sidene, 
(du treng grytekluter for forma vert veldig varm...)

1,8 l heilmelk
12 ss sukker
1 vaniljestang (deles, skrap litt i den)
Kokes i ca 10 min og avkjøles!! 
(Sil det i dørslag!)

12 egg røres lett sammen (forsiktig så det ikkje kjem luft i)
(Sil det i dørslag!)

Bland melk og lett rørte egg ilag...

Ha i formene og sett i vannbad i ovnen ;-)

Stekes v/125-130grader i ca.2 timer..

Oppskrifta kom i hus frå Terje, pappa´s kollega for mange år tilbake!! 
Denne brukte mamma i mange år og den er kjempegod!!! 
No er det spennande om eg får den til, svaret på det får vi ikkje før i morgon kveld... Då er det nyttårsaften!!

Regn...

Her eg oppheld meg har det regna/sludda det siste døgnet.... Vegane har sørpelag og er isete, ikkje særlig kjekt å køyre på slikt føre... Heldigvis, kvardagsenglane (brøytemannskapet) har vore ute og gjort sitt for at det skal gå lettare... Det er både skrapt og strødd ;-))
Vi får berre leve på minna om gode vintervegar og håpe at mildværet ikkje vert værande...

Strikkeprosjekt...

Dette flotte paret kjøpte eg på julemessa til korpset...
No har eg strikka fleire og nokon fekk nye heimar til jul, andre
skal nok få flytte neste år ;-)) Alltid kjekt å gi vekk noko ein har laga sjølv!

onsdag 29. desember 2010

Kråketing ;-)

Midt på bildet her er ei ørn som prøver så godt ho kan å kome unna tre ertekråker ;-)


Tilslutt gav ho opp, satte etter dei og dåååå vart det fred å få!!

Glødande himmel

Himmelen gløder ofte i solnedgangen her ut mot havet ;-)



Og skyene er som "tepper" av bomull.
(fotograf: "gubben")

Hurtigruta går sine daglege turer nord og sør i landet!

Cruiselivet ;-)


Her er ofte stor, flotte cruiseskip som seglar forbi stoveglasa
våre. Eg, som kjem frå ein liten fjordtarm, synest dette er 
råflott og spring ofte ut døra med fotoapparatet på slep ;-)

Skitur..


I nydelige omgivelser var vi på ein flott skitur, uten feller 
blei det ein noko bakglatt opplevelse! Må lære oss å smørre skia!!

Håndarbeid

Dette er strikka og tova... Eg laga det til bonus-tantejentå vår ;-))
Ho er datter til eit søskenbarn av gubben...

Dette hekla eg til vår hittil yngste grandtante/onkel gut.
(Beklager litt dårlig fotokvalitet)

Julegåver

Dette er ei av dei flotte julegåvene vi fekk i år.
Ein nydelig juletre-pynt og fyrstikker!
Tusen takk ;-)

Kveldstur i romjula


Eg fekk fleire kveldsturar ilag med ei av mine tantejenter i romjula.
Desse bileta var tatt då... Eg synest det er fasinerande å sjå 
snøen sine ulike former.. For ikkje å snakke om den herlige
lyden av knitrande snø under skosålane!!

Kakepynting

I november var det kurs i bya på meg og svigerinna mi.
Her er mitt resultat, kjempekjekt å kunne servere denne til 
den yngste av grandtantebarna sin barnedåp!!

Solnedgang...

Solnedgang på min heimstad!
Bildet var tekje tidlegare i år, no ligg snøen kvit og fin.
Vi har fått prøvd skia igjen...

Tante på nett...

Har så lenge tenkt det ser gøy ut å blogge, nå er eg her!!!
Blogge?? Kvifor? Om kva? Og kven? Jaja, time will show
so me seie so fint på "utanlansk"....