onsdag 25. oktober 2017

Litt strikking...

Litt strikking har det også blitt, falt for dette mønsteret fra KnittingInna. 
Gudrunkjolen, her strikka i Lille Lerke. I fargene Jadegrønn, Dus sjøgrønn og kvit. 


Her er det enda en barnekjole, strikka i alpakkagarn :-) 


Mønsteret er fra SandnesGarn og slik ble kjolen. 


Ja, også har det nå blitt endel bunad. 
Nettopp ferdig med en og så starta på en ny. 
Dette bildet er fra ett tidligere prosjekt :-) 


tirsdag 24. oktober 2017

Bunadsskjorter

Eg har brodert fleire bunadsskjorter, men denne er det ikkje ofte eg har brodert. 
Dette er Stranda herreskjorte, ein av to variantar til herrebunad her på Sunnmøre. 
Det første bildet er av eit skulderstykke, på baksida. Nesten like bra som framsida, slik skal det være når ein broderer både bunader og bunadsskjorter. 


Neste bilde er av ermestykke/halskrage. 


Og tilslutt eit bilde av skulderstykket frå rettsida!


Det har også blitt nokre påtegna skjorter til damer i år også...
Her er broderiet på sjølve skjorta, på bryststykket. 



Så var det eit ermstykke/halskrage. 


Og tilslutt eit skulderstykke. 


Det vert nokre skjorter i løpet av året! 
Kjekt å være med på å halde vedlike gamle handarbeidstradisjonar.




Kaker

Det har vorte baka nokre kaker i løpet av dette året også, 
her er dåpskaka eg laga til den sist ankomne tantejenta mi :-) 


(Kaka hadde også navn, men det er retusjert bort)



Ein del kransekaker har det også blitt, her er nokre av dei :-)



Då gubben fylte år prøvde eg meg for første gong på swirl-roser (trur eg dei heiter). 
Resultatet vert lekkert med slike roser, men det er fryktelig mykje meir krem som går til kaka :-) 

Nytt innlegg :-D

Hei igjen 😃

Dagane går og eg er no her og der, men ikkje her (inne på bloggen 😉)
Vi har hatt ein flott sommar, tur til nord-norge i år også...


Ute på tur oppe på Saltfjellet, ved Polarsenteret. Der var mange som overnatta på parkeringsplassen, også vi. En stille og fredelig plett på jord, enda så mange som er innom i løpet av sommaren. Mira fekk mykje oppmerksomhet, spesiellt av endel utenlandske turister som tydeligvis syns ho er noko eksotisk 😊

 

I varmen var det deilig å få avkjølt seg litt i snøen 💙




Vi kjørte nedover Helgelandskysten og fekk med oss mykje flott natur, Spesiellt kjekt var det å gå ein tur opp til Torghatten ved Brønnøysund. Denne dagen var det ekstra varmt, så vi var glade vi ikkje var der før utpå ettermiddagen. Litt kjøligare å gå då. 


 

Her er ein av mange flotte solnedgangar vi fekk på turen vår... Vi hadde stort sett 25-30 grader dei dagane vi var nordaførr, og sola var magisk på kveldane... 



Besøkte Kortmans lysfabrikk i Vuddudalen, like sør for Frosta.



Og Tautra klosterruiner, ute på Frosta. 





No i haust har eg vore med på hjortejakt, spennande, men også ei tålmodighetsprøve...
Spesiellt når dagane går og einaste hjortane du ser enten er altfor langt unna til å skyte på eller ikkje er nært nok før det er for mørkt... Vi har enno ikkje skutt noko, men satsar på at det kanskje bli ved neste fullmåned.


Flott å ligge på post i nydelige haustkveldar.



Einaste "jakt-resultatet" sålangt har vore nydelige naturopplevelsar og solnedgangar.



tirsdag 28. februar 2017

Solnedgang


Denne vinteren har det vore lite snø, kalde dagar og maaaange flotte solnedgangar. Eg er heilt fasinert over fargespelet som er om kveldane. Og utsikta frå vår veranda er heller ikkje noko å klage på, rett ut i havet :-) 

fredag 6. januar 2017

Hobby-tid....

På Rogalandstur i mai, fekk eg anledning til å besøke Gjesdal Garn-utsalg...
Ilag med eine svigerinna mi, vart det ein dagstur...


WOW.... Mange mange reoler med "godterier"....


Det vart "nokre få " nøster med heimatt 😂😂😂
Jaja, Alpakka e mjukt og godt, for tida held eg på med kofte til gubben. Brukar dei to gråfargane + litt offwhite... Må jo bruke litt av dei 70 nøsta eg kom att med 😜



Fine fargar, vert mykje strikkeglede av dette 💖

Turer i året som gjekk

Mira er min faste turvenninne, ho er ALLTID intressert i å være med på fjellet 😍


Vi har hatt mange flotte turar på Mannen, både i solskinn og snøkave, vind og vindstille 😀


Mange bilder er frå toppen her, men i ulike typar vær vert det ulike "maleri"... Facinerande og eg berre "må" ta bilder ;-)

 I påska fekk eg endelig besøkt "Kyrkja hass Bård i Neset" 😃 Ein facinerande stad ytterst i havgapet, med ei spesiell historie. Vi var eit lite følgje, og fekk med to kjentmenn/damer som fortalde historia om han Bård i Neset. Spennande.... Grotta under her er i kyrkja hans :-)


Spennande, var litt mykje vatn så vi kunne ikkje gå inn denne dagen. Men den har ein liten sidegang også, litt til venstre på bildet kan ein sjå konturane av denne.


Nydelig å være så langt uti havet når sola går ned 💛


I mai tok vi turen til Rogaland og konfirmasjon i familien, Mira var med. Ho "fann tonen" med dei to kaninane i familien, satt pal i ei veke og laga innimellom nokre fortvila klynk fordi ho ikkje kom nærme nok til å få snuse skikkelig på dei 😂😂😂


På veg heimatt kjørte vi "ørten-pørten" tunella, blandt anna Lærdalstunellen som er nesten 25 kilometer lang. Den har 3 slike blå "lunger"...


Då ferien starta hadde vi ei koselig helg i Trondheim, der trefte vi og på ein vennefamilie. Været var ikkje heilt topp, men alt er fint i godt selskap.


Det var mange fine kveldar denne sommaren, og eg koste meg med ei god bok på verandaen nokre av kveldane :-)


Vi besøkte familie i Romsdalen :-) Nydelig solnedgangar atter ein gong, den eine kvelden satt vi ute med grilling og bål til langt på natt 💚

  
I vekene skifta vi eindel bordkledning på huset, og kasta ut ubedne beboere ;-) 
Her var eit humlebol 🐝


Kjekt å treffe slekt og venner, bobilen tok oss med i nærområdet. 
Og det vart nokre turar der og...


Fine dagar ❤


Ute på tur, og alltid med den traurige støtta...


Den flottaste utsikta ein kan tenke seg, mange turar vart det på Mannen dette året. Målet mitt var 50 turar dette året, det vart 41 på toppen... Etter skade i vår/sommar og eit kne som ikkje ville heilt i haust så vart det litt vanskelig å nå alle 50... Men, men... Gir ikkje opp, så då er det eit nytt år med 50 turar som mål... Og når ein er opp og får ei slik utsikt, det kan ikkje bli betre 💖



Det går i bølgedaler...

Bloggen min er ikkje så veldig "levande", eg er klar over det og beklager det. Men slik er det no eingong blitt då.... Det er her tittelen kjem inn 😆
Det siste året har gått sin gang... Eg var sååå i farta med mine fjellturar då eg 1.mai var ute for eit uhell på veg nedatt... Kva som eigentleg skjedde veit eg ikkje, men plutselig låg eg der med sterke smerter... Gubben måtte komme opp med bil og hente meg, heldigvis er det ein grei veg over fjellet her... Vi reiste inn på sjukehuset, og etter 7 timar på legevakt, røntgen og mottakelse var vi på veg heimatt... Eg med støtte og krykkjer og sjukmelding... Greidde ikkje trø på foten, mest sannsynlig var det eit avslitt leddbånd...
Mira passa på... Slik satt vi i fleire veker 😉 Den skinna  hadde eg på dag og natt i 6 veker, trudde eg skulle bli sprø....



Slik såg foten ut etter nokre dagar! Støtta gjekk eg med i 6 veker 😒 Du kor kjedelig, så var det å komme seg igang med forsiktig opptrening, følelsen den dagen eg etter neste 2 1/2 mnd stod på toppen igjen var enormt god 💖


Mira var også veldig glad 😃

torsdag 17. mars 2016

På blogger`n igjen...

Snart eit år har gått... Igjen :-)
Eg er ikkje så flink å være stabil som blogger, men her kjem eit innlegg.
Naturen har mange flotte uttrykk, dette svampe-hjertet fant eg i fjøra ein dag...
No pyntar det opp på badet her i heimen.


Det har vorte mange flotte turar, både i fjøra, på fjellet, i skogen, her på øya og ellers der vi har vore. Det fleste turane ilag med ho her :-)
 Mira er ei trufast turvenninne, og vi har hatt mange flotte turar ilag. 
Søndag vert ho forresten 5 år <3

   Her er vi på Håmannen!










søndag 22. mars 2015

Besøk i heimen..

 Fekk besøk av to gode kolleger her, og fekk flotte påskeblomar med dei... Vi hadde ein koselig dag med god drøs, og godt selskap. Alltid kjekt!!


Nyyydelige gåsungar!!


Våren er kommen, det er deilig med alt som spirer og gror. Denne helga har vi hatt gravemaskin i hagen, gubben har fått gravt opp inngangspartiet vårt.. No er det klart for å legge duk og nytt lag med singel der, det blir godt å få stelt opp litt... I tillegg har han vendt om mange av blomsterbedda, der skal vi så i plenfrø...  Då vert det lettare å slå plen etterkvart :-)
Eg har vore ute og grove opp eindel løkar og plantar som eg skal spare på... Så i løpet av dei neste vekene må vi få vekk ugrass og satt dei nedatt... Skal bli litt betre i hagen... Våren er god, den betyr nytt liv!! Vi har også begynt å ta inn blomster frå hagen, har mykje å gle oss til framover!!








Lappeteppe

Dette er det eg har holdt på med dei siste månadane! Mønsteret var frå eit Drops-hefte med tråden Delight.. Eg valgte BigDelight og dermed vart det både større og færre ruter :-)
Valgte å hekle sammen med svart for å roe ned uttrykket litt! 


Garnet er i 100 % ull, så det er varmt og godt. Det skal etterkvart være i bobilen vår, fargen er valgt utifra fargen i den... Eg kjøpte garnet på Lykkeriet i Valldalen, Der var det veldig god service, ho sender også garn dersom du treng meir :-)

Gode vinterdagar

Det har vore nokre flotte vinterdagar i februar, Mira og eg har vore fleire turar uti Myrane. Berre vi to, og saman med fleire. Fasinerande å gå ute på rullesteinane, både i finevær og på litt meir "ruskete" dagar... 


Solnedgangane gir mange flotte synsopplevingar, det er vanskeleg å gjenngi fargane så intens og vakre som dei er men her er iallefall eit bilde...



Mira kosar seg gjerne ute på verandaen når sola skin, der har ho full oversikt over alle som går/syklar/spring/kjører forbi...