tirsdag 28. februar 2017

Solnedgang


Denne vinteren har det vore lite snø, kalde dagar og maaaange flotte solnedgangar. Eg er heilt fasinert over fargespelet som er om kveldane. Og utsikta frå vår veranda er heller ikkje noko å klage på, rett ut i havet :-) 

fredag 6. januar 2017

Hobby-tid....

På Rogalandstur i mai, fekk eg anledning til å besøke Gjesdal Garn-utsalg...
Ilag med eine svigerinna mi, vart det ein dagstur...


WOW.... Mange mange reoler med "godterier"....


Det vart "nokre få " nøster med heimatt 😂😂😂
Jaja, Alpakka e mjukt og godt, for tida held eg på med kofte til gubben. Brukar dei to gråfargane + litt offwhite... Må jo bruke litt av dei 70 nøsta eg kom att med 😜



Fine fargar, vert mykje strikkeglede av dette 💖

Turer i året som gjekk

Mira er min faste turvenninne, ho er ALLTID intressert i å være med på fjellet 😍


Vi har hatt mange flotte turar på Mannen, både i solskinn og snøkave, vind og vindstille 😀


Mange bilder er frå toppen her, men i ulike typar vær vert det ulike "maleri"... Facinerande og eg berre "må" ta bilder ;-)

 I påska fekk eg endelig besøkt "Kyrkja hass Bård i Neset" 😃 Ein facinerande stad ytterst i havgapet, med ei spesiell historie. Vi var eit lite følgje, og fekk med to kjentmenn/damer som fortalde historia om han Bård i Neset. Spennande.... Grotta under her er i kyrkja hans :-)


Spennande, var litt mykje vatn så vi kunne ikkje gå inn denne dagen. Men den har ein liten sidegang også, litt til venstre på bildet kan ein sjå konturane av denne.


Nydelig å være så langt uti havet når sola går ned 💛


I mai tok vi turen til Rogaland og konfirmasjon i familien, Mira var med. Ho "fann tonen" med dei to kaninane i familien, satt pal i ei veke og laga innimellom nokre fortvila klynk fordi ho ikkje kom nærme nok til å få snuse skikkelig på dei 😂😂😂


På veg heimatt kjørte vi "ørten-pørten" tunella, blandt anna Lærdalstunellen som er nesten 25 kilometer lang. Den har 3 slike blå "lunger"...


Då ferien starta hadde vi ei koselig helg i Trondheim, der trefte vi og på ein vennefamilie. Været var ikkje heilt topp, men alt er fint i godt selskap.


Det var mange fine kveldar denne sommaren, og eg koste meg med ei god bok på verandaen nokre av kveldane :-)


Vi besøkte familie i Romsdalen :-) Nydelig solnedgangar atter ein gong, den eine kvelden satt vi ute med grilling og bål til langt på natt 💚

  
I vekene skifta vi eindel bordkledning på huset, og kasta ut ubedne beboere ;-) 
Her var eit humlebol 🐝


Kjekt å treffe slekt og venner, bobilen tok oss med i nærområdet. 
Og det vart nokre turar der og...


Fine dagar ❤


Ute på tur, og alltid med den traurige støtta...


Den flottaste utsikta ein kan tenke seg, mange turar vart det på Mannen dette året. Målet mitt var 50 turar dette året, det vart 41 på toppen... Etter skade i vår/sommar og eit kne som ikkje ville heilt i haust så vart det litt vanskelig å nå alle 50... Men, men... Gir ikkje opp, så då er det eit nytt år med 50 turar som mål... Og når ein er opp og får ei slik utsikt, det kan ikkje bli betre 💖



Det går i bølgedaler...

Bloggen min er ikkje så veldig "levande", eg er klar over det og beklager det. Men slik er det no eingong blitt då.... Det er her tittelen kjem inn 😆
Det siste året har gått sin gang... Eg var sååå i farta med mine fjellturar då eg 1.mai var ute for eit uhell på veg nedatt... Kva som eigentleg skjedde veit eg ikkje, men plutselig låg eg der med sterke smerter... Gubben måtte komme opp med bil og hente meg, heldigvis er det ein grei veg over fjellet her... Vi reiste inn på sjukehuset, og etter 7 timar på legevakt, røntgen og mottakelse var vi på veg heimatt... Eg med støtte og krykkjer og sjukmelding... Greidde ikkje trø på foten, mest sannsynlig var det eit avslitt leddbånd...
Mira passa på... Slik satt vi i fleire veker 😉 Den skinna  hadde eg på dag og natt i 6 veker, trudde eg skulle bli sprø....



Slik såg foten ut etter nokre dagar! Støtta gjekk eg med i 6 veker 😒 Du kor kjedelig, så var det å komme seg igang med forsiktig opptrening, følelsen den dagen eg etter neste 2 1/2 mnd stod på toppen igjen var enormt god 💖


Mira var også veldig glad 😃