torsdag 8. september 2011

MIRA besøker Varga og Tiril

ENDELIG FERIE....
Vi starta ferien vår med ein tur i nærheten... Tok fergå frå Brattvågen til Dryna og kjørte over heile Misund/Otrøya... Eg hadde aldri vore der, endå så nærme det ligg... Det var ein flott dag, sola skein og himmelen var blå ;-)


Så gjekk turen vidare til nordmøre og mamma`s heimbygd der vi besøkte onkler og tanter på gard og hytte... Mira storkoste seg, onkel J har kvelpen Varga som også er ei elghund-tispe.. Med berre 3 vekers aldersforskjell vart det mykje leik og morro...Tiril 10 år høyrer til i nabogarden hos mitt søskenbarn... Mira skulle sove ute i hundegard for første gong sidan vi fekk ho, 1.natta hylte ho slik at "mor" berre måtte ut å hente ho inn.. Det var ei sliten og litt redd snuppe som slokna i buret sitt... Men neste dag var ho klar for mat og meir leik ;-)

 Leikeslossing høyrer med... Dei sprang rundt heile dagen, skikkelig gøy... Vi hadde med grisehaler og dei fekk kvar sine... Men det var den samme halen som var mest ettertrakta.... Her fekk eg fanga dei opp i eit samarbeidsvillig øyeblikk...

Det høyrer med til historia at natt 2 så sov Mira i hundegarden med dei to andre hundane!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar