søndag 30. januar 2011

HELG!!!

Det er så godt når helga set inn, og ein får nokre fridagar... Godt med lange, late morgonar... Og godt med litt tid til familie og venner... I dag er det laurdag og eg har ikkje gjort stort anna enn å rydde litt småtterier, vaska nokre klær, handla og vore innom svigermor ein tur :-)

I går fekk eg ei melding; "vil du være med på fjellet?" 
Det var nabo`n og ei god venninne som spurte... Eg svarte sjølvsagt ja, var så glad for at eg endeleg kom meg utatt.... Trimtørke... Vi traska i vei i vind og storm, ja endåtil litt regn vart det!! Men du kor flott det er å kome seg ut i naturen slik!! Gode klær må ein ha, men det har vi her på vestlandet! Og eg synest eg får ladda "batteria" så godt, dette skal gjentakast :-) 
Kanskje allerede i morgon?


Biletet er frå ein tidlegare tur ;-)



Eg er enno "ny" i bloggerverden, men i kveld fekk eg så lyst å prøve å lage litt meir "liv" med store og små bokstavar!! Lærer litt etter litt....


Ha ei fortsatt fin helg!!

onsdag 26. januar 2011

SUNNMØRSBUNADEN !!!

Denne hausten starta eg på bunadskurs for å lære å brodere sunnmørsbunaden!  Eg meldte meg på etter at ei kollega spurte om eg kunne brodere bunad til døtra som snart er konfirmant! Må seie at det var det vesle sparket eg trengte bak for å hive meg på utfordringa ;-)

Ørskogbunaden, den mest vanlege, vart vanleg på slutten av 1920-tallet. I 1927 fekk Kronprinsesse Martha den som bryllupsgåve frå Sunnmørsungdomen, og den gjekk og under tilnavnet Marthabunaden. Bunaden var komponert utfrå eit over 200 år gamalt forkle som var funne på Gjerde i Ørskog... Etterkvart kom fleire bygder med sine variantar av Sunnmørsbunaden, og framover til 1930 kom dei på rekkje og rad; Nordalsbunaden, Strandabunaden, Sykkylvsbunaden, Hjørundfjordbunaden, Skodjebunaden, Søre Sunnmøre- eller Dalsfjordbunaden og Vigrabunaden. (Info henta frå Husfliden)

I september møtte vi opp, 8 spente damer, på kurs som Husflidslaget i bya arrangerer... Kurset gjekk over 8 kveldar, og dette vart høgt prioritert. Det var utrulig kjekt, og vi vart etterkvart kjent med kvarandre. Så kjekt å bli kjent med andre med samme interesse. Og broderinga gjekk fint, eg hadde sågar 2 bunadar som eg broderte parallelt på i begynnelsen..
I oktober måtte eg levere innatt den første bunaden pga. at silketrykket begynte å flasse av. SURT, men det var berre å brette opp armane og begynne på nytt!! Trudde etterkvart at eg skulle bli ferdig til jul, men då den nærma seg vart det litt julestrikking og bunaden fekk ei lita pause til over nyttår ;-)

Her er heile forkledet... Det er det som har vore mest arbeid på ;-)

Detalj frå forkledet...

Ryggen, den ALLE ser på når dei e i kyrkja 17.mai... 
(Eller andre høgtidsdagar!)


Tampen, eller beltet...

Begge framstykka!

Lomma ;-)


Men no er eg endelig ferdig!! Har brukt tilsammen 3 mnd å brodere den, i morgon vert den overlevert min kollega.... No er det nokon andre som skal overta, for montering ;-)
Og eg fortsett på den 2.bunaden!!

Til hausten skal eg gå på nytt kurs ;-)  Då skal eg lære brodere skjorter ;-) Den påtegna, som er mest vanleg å bruke til Sunnmørsbunaden... Gled meg!!

søndag 23. januar 2011

Nyttårsløfter.........

Januar og nyttårsløftenes epoke ;-)

Eg har egentlig bestemt meg for at nyttårsløfter det skal eg ikkje ha, for eg greier ikkje halde dei likevel ;-)
Men så skjer det.... Kvar nyttårsaften så tenkjer eg at det skulle eg gjort og det skulle eg gjort! Og så har eg nokre halvkveda løfter om å gjere slik og endre ditt og datt!

Den siste veka har eg (og gubben stakkars må henge på) rydda og flytta om på eit rom... Veit du kor mykje papir som samlar seg saman i løpet av eit år?? Og når dagen for å sortere kjem så kan nesten alt kastast!!

Eg lurar på kvifor eg samlar på alt, men likevel... Legg det "på vent" for kanskje..... Nokon som kjenner seg igjen?? Huff, men DENNE gongen då skal eg bli flink å kaste etterkvart ;-)

Vel eit gode midt oppi all ryddinga er alt du "finn att" som du he lurt på kvar var :-)
Eg "fann att" julekort og takkekort, og i går hadde eg ei økt der eg fekk satt dei inn i album! Det er så kjekt, då mimrar eg og sender nokre tankar til den/dei som er på bileta... Og kanskje er det nokon som får ein telefon for eg fekk så lyst å høyre korleis det står til ;-)

Ellers i januar har no fleire av tanteungane hatt bursdag! I morgon må eg få sendt endå ei bursdagsgåve til eit januarbarn...


søndag 16. januar 2011

No er det slutt...

 I dag fekk julepynten "fri" og vart pakka behørlig ned i kasser og satt på "lager" til neste jul!
Det er litt vemodig, det er så kjekt å ha litt ekstra pynt i heimen. Men 16.januar så er det nok på tide å rydde litt ;-) 
Eg og gubben rydda både her i heimen og huset til svigermor ;-)


Bildet over er eit stemningsbilde frå heimen!
Så er det berre å gle seg til neste jul ;-))

Deiligste middag på lenge!

Tante og gubben har begynt på att med lav-karbo diett, og det er så utrolig mykje godt ein kan ete... Denne helga har det gått i sjømat, laurdagskvelden var det reker på menyen og i dag denne krabaten ;-)


Hummer er nydelig godt, vi var heldige og fekk denne for ei tid tilbake ;-)

søndag 9. januar 2011

Juletre-kuler...

Juletreet står så fint her i stova, eg er ikkje av dei som kastar det ut like etter at nyttårsklokkene er stilna! På treet heng mykje forskjellig pynt, i år fekk vi nokre nye. Desse flotte strikka fekk vi av nabo`n!!


 Er dei ikkje flotte???
 No  har eg skifta ut dei røde tulipanane med fine kvite ;-) 

Men julepynten skal eg ha til 20.dag jul. Sidan det er den 13.januar, og det er på torsdag så vert det nok julpynta hus heilt til neste helg her hjå oss ;-)

LYS OG ENGLER..........

LYS tenner eg ofte i denne mørke årstida, det vert så koselig i stova med den blafrande elden...Denne lyslykta fekk vi av ei av tantejentene våre i julegåve, den gjev eit nydelig skin!!


Englar er ein del av min julepynt! Denne fekk eg av ei av søstrene til gubben, ho hadde frakta den med seg frå Praha eller Krakow i vår. Den "klatrar" oppover i spiralen og er så skjønn der den heng i vinduet!

"Å kaste ut jula...."

I den siste veka er det sååå mange som har "kasta ut" jula... Men det skal ikkje skje her i heimen!
For sjølve jula skal vi bevare i hjertet vårt heile året ;-)

                                      JULA I EIT NØTTESKALL
            Barnet i krybba kan vi ta med oss ut i det nye året, kvar dag!!!
Denne glassjulekrybba fekk vi i julegåve, den er frå Hadeland glassverk..

torsdag 6. januar 2011

FRIDAG...

Dette året har eg vore så heldig å kunne ha ein fridag i veka! Eg har fri kvar onsdag, ein heil dag for å kunne gjere litt andre ting enn jobb! Ein heil dag for meg sjølv ;-))

I gårkveld var eg på klubb, vi er 6 kjekke damer som har klubb ilag og i går var vi hjå søskenbarnet til gubben! Ho diska opp med kabaret, spekemat, salat og kylling! Og til kaffien fekk vi råmjelkspudding :-)) kan det bli betre?? Det er alltid koselig på klubb, praten går lett og det vert avogtil seint!! I går var ein slik kveld ;-) Også eg som må ha ei lita stille stund før eg kryp til køys.. Var trøtt idag ja ;-))
Eg begynte på bunadskurs i haust... Du kor kjekt det har vore! Før jul tok eg ei lita pause medan eg strikka smånissane, men no har eg funne fram broderiet igjen! Og idag skulle eg gjere så mykje på det ;-)

Men har vaska opp, vaska klær, handla litt, baka brød og så måtte vi ein tur på "fastlandet" idag når gubben var ferdig på jobb! Har fått oss nye vinterdekk på ein av bilane våre. "Køsta pæng" men so e vi no trygge på veien då :-)
Eit lite besøk hos tante, onkel og søskenbarn til gubben fekk vi også tid til. Det var veeeldig kjekt, skulle berre hatt litt betre tid ;-)

Det er godt med ein fridag, men dagen går berre så fort.. Får ikkje gjort alt eg tenkjer eg skal gjere, men det kjem nok fleire fridagar! I morgon er eg klar for jobb igjen ;-)

søndag 2. januar 2011

Juleferien straks over...

Så er også denne ferien over...
Vi har hatt ein fin ferie, men no er vi klare for ny innsats på jobb!!
Vi har hatt ei koselig jul ilag med mor til gubben og resten av familien på øya.
Romjul og nyttår i lag med pappa og ein del av gjengen i min familie, 
vi har gått på ski, gått kveldsturar og berre slappa av...

Nyttårsaften var det så glatt at vi fekk oss ein ufrivillig "snurr" med bilen, farta var ikkje stor så det gjekk bra men ein liten "grøftetur" vart det no då!!
I natt hadde det snøva ca.10 cm med snø, det var fint og kvitt ute.
 Her heime på øya er det ikkje kome så mykje.
 Det er veldig flott når det er kvitt overalt, her er eit bilde eg tok på Leikong i stad.
Er det ikkje flott?? Sola braut akkurat igjennom ;-))

Ha ei super veke!!

lørdag 1. januar 2011

GODT NYTTÅR!!!!!!!

Så var nyttårsaften for denne gong gått over i historien, no skriv vi 2011...
Karamellpuddingen var vellykka, smaken var som den skulle :-)
Servert med krem.... Nam nam...

Etter maten var det "kongens tale" på TV´n og litt avslapping før kveldens hovedunderholdning; FYRVERKERIET!!!

Vi hadde ein flott nyttårsaften ilag med familien, no ynskjer vi 
Godt nyttår til små og store og håpar vi treffer riktig mange i 2011!!