torsdag 22. september 2011

Heimelaga rømmegraut...

Laurdag laga eg skikkelig heimelaga rømmegraut...

Eg starta med å koke opp rømmen før eg hadde i halvparten av kveitemjølet. 
Då kom fettet fram, og dette hadde eg i ei gryte... Dette fettet skal vi bruke på grauten!!

Eg var heldig å få ut ein del fett...
 Og det syntes eg ikkje var så verst med tanke på at dette var første gongen eg har laga skikkelig heimelaga rømmegraut!!


Deretter var det å begynne å spe ut, då er det kjempeviktig å røre heile tida...
 Ellers vert det klumpar i grauten, og det vil vi no ikkje....


Når grauten er ferdig er det bare å si "velbekomme"....


mmmmmmmmm........
Denne laurdagen hadde vi det vi kallar for "slåttagraut".
 Slik vi alltid hadde den om somrane før!
Til grauten hadde vi sukker og kanel, fett, rosiner og hardkokte egg!!


1 kommentar: