fredag 2. mars 2012

Verdens beste!!!

Kjært barn har mange navn, så også denne kaka... 
Mange kallar den verdens beste, eit anna navn er Kvæfjordkake! Mi svigermor kallar den Bodøkake for oppskrifta ho har kom frå dei traktene :-D


Uannsett navn så er den utrulig god, og enkel å lage... Denne laga eg til eit møte her på øya. Håpar den smakte. Oppskrifta eg har fekk eg av eine tanta mi, eg tenkjer alltid på ho når eg bakar denne! Det er litt meir egg i denne enn i mange andre oppskrifter eg har sett, men så vert den dobbelt så høg også...
Hemmelegheita er å piske eggedosisen ekstra lenge!

Neste gong eg skal bake den skal eg prøve å bytte ut kveitemjølet med potetmjøl. Dersom det vert god så vert den glutenfri! 
Fekk eit tips om det, det må utprøvast. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar