søndag 25. mars 2012

Jarlvollens Mira

Vi har vore på utstilling i helga med Mira... Kjempespennande for dette har vi ikkje gjort før :-)
Langt måtte vi også, heilt til Melhus på Villmarksmessa der. Korleis dette går føre seg, og kva ein må gjere for å få premiering? Sjå det visste ikkje vi :-) 
Men reiste med friskt mot gjorde vi, og jammen huska vi å børste snuppa før vi gjekk i ringen (hahaha...) 
Fekk jo sjå at mange både børsta og polerte hundane før utstillinga... Dusjing var visst ei sjølvfølgje... Jaja, neste gong får vi no i allefall dusje ho då kanskje ;-)


På vegen var vi på besøk hjå tante og onkel på O. der vi fekk full oppvartning før vi køyrde vidare. Mira fekk springe av seg litt energi ilag med deira hundar, Tiril og Varga.



Mira og Varga, to gode venninner som viste seg å ha felles oldeforeldre på mors-sida :-) Sidan dei er kjøpte på ulike stadar i landet var jo dette ei litt artig tilfeldigheit som vi oppdaga no... 


Varga storkoste seg med å gnage godbitar! 
Mira derimot stakk ein tur nedpå vegen og helste på nokre hestar, øyrene virka ikkje så godt når ho finn noko meir interessant... 

Så vart det  ein 
ny dag...

På Melhus oppdaga vi at den eine kull-søstra til Mira også skulle delta. Vi fant ut kven ho var og tok kontakt med eigaren (frimodige ja)...
Lurer litt på om dei kjenner kvarandre igjen eller kva? Men dei var no litt interesserte i å helse på kvarandre :-) 
Dei var ikkje så veldig like av utsjånad, men litt samme lynne hadde dei... Medan andre hundar "gnall" og bjeffa rundt oss var desse to veldig rolige...


Artig på hundeutstilling :-)
Søstra vart ikkje premiert pga rødskjæret i pelsen, Mira var heldig å få blå sløyfe... Ein "midt-på-treet"-plassering ;-)
Dei som fekk raud sløyfe fekk gå ein gong til i ringen, og vart deretter premiert som dei beste i klassen... Vi hadde verken dusja eller "polert" bikkja og syntes det var "storsvært" berre å få ei sløyfe...


Og uansett så er jo Mira "verdens beste bofselofs" :-)


Stor glede over å treffast att.... 
På veg heimatt idag var vi innom tante og onkel igjen, slik at vi fekk vist fram "premiehunden" vår ;-)
Mira og Varga er begge 1 år mens Tiril, lengst til venstre, er heile 11 år...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar