fredag 2. mars 2012

ÅRETS FØRSTE VÅRDAG...

Dei siste vekene har eg sett det har begynt å spire i hagen. Eg har gått og venta på snø heile vinteren, kunna tenkt meg nokre skiturar... No må eg nok innsjå at våren er her snart, her er nokre små vårtegn Mira og eg fant uti hagen vår idag. Snøklokkene var nok dei eg mest venta å finne...


At krokusane var komne så langt var eg litt overraska over, men desse står lunt og skjerma under ei edelgran ;-)
Fine er dei i allefall...

Desse er ein kraftigare variant av snøklokkene, og brukar å kome litt seinare... Men no er dei på full fart mot vår dei og ;-)

Det som overraska meg mest var at påskeliljene hadde kommet så langt at dei har fått knoppar! Eg fant fleire "tuer" med påskeliljer i knopp!

DET ER VÅR!!


1 kommentar: