tirsdag 27. mars 2012

Vårens første....

Idag har eg tatt inn vårens (og årets) første ordentlige bukett med påskeliljer frå eigen hage...Desse var sprutne ut i hagen, ikkje tekne inn som knoppar som dei eg fant for nokre veker sidan...Kan ikkje hugse å ha fått inn dei så tidlig før om åra, utan at eg har forska så veldig på det då ;-)


Uansett veeeldig eit veldig trivelig vårteikn!!
Litt dårlig bilde no i kveldinga... 

Mira og eg har ellers vore ein tur i byen idag, til dyrlegen.
Oppdaga at ho hadde eit væskandes sår på ryggen, etter å ha kikka skikkelig på det i går så vart det bytur på ho i dag... Sannsynligvis ein betendelse, gamle hudceller som samlar seg og når det blir for gale så verker det hol... Sånn ca. forklart... Det har eit latinsk navn, men eg hugsar ikkje det :-)
Ho var veldig flink med dyrlegen, lot han barbere pelsen der såret sitt uten noe tull!!
Sprøyte fikk ho også, og fortsatt ikkje ein lyd :-)

Så når vi var ferdige og satt i bilen og venta på ferga heimatt så vart det premie :-)
No ligg ho på bringa til gubben og søv... 
Kvalitetstid med "far" :-D

 Gratulerer med 20-årsdagen til R. 

1 kommentar:

  1. Herleg med vår!
    Nedtur å kome frå varme Oslo til regn på Vigra på mandag..
    Men ingenstad er så vent og vakkert som vårt kjære Sunnmøre :-)

    Klem og God Påske!!

    SvarSlett