fredag 27. januar 2012

ØYA på langs, ein flott fjelltur ;-)

Forrige helg fekk Mira og eg oss to flotte fjellturar, fredagskvelden gjekk vi på "Mannen"... Det var snø siste stykket så for første gong på lenge hadde eg gangsperre... 

Laurdagen vart det derfor heimeturar på oss innimellom ryddesjau i "butikken" vår...
På kvelden var gubben og eg på jubileumsfest for koret her ute, med nydelig middag og underholdning. Koret hadde flott konsert med revyunderholdning, det var kjempeflott!

Søndagen var vi klar for fjelltur igjen, denne gongen var gubben med og vi bestemte oss for å starte på eine endel av øya :-)
Mira storkoste seg i snøen, vi hadde nydelig solskinn og var på tur i 4 1/2 timar.

Frå Rødhammaren ser vi både "Mannen" som er høgste punktet på øya, og vi ser til endes der vi skal nedatt etter endt tur... På baksida av fjellet :-) 

Nydelig solnedgang då vi var komne på "Mannen"...
No var eg begynt å bli ganske sliten, men ein greier mykje når viljestyrken er der ;-)
Så er vi på veg utover fjellet mot Ulla, litt av eit syn å avslutte ein flott dag på ;-)
Dette er utsikta mot sør, hadde det vore klart hadde vi vel sett heilt til Stadt...
Begge var einige om at denne turen vil vi ta oppatt, ein kjempeflott tur!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar