lørdag 14. januar 2012

Januar...

Starta eit nytt år med mange gode forsett, blandt anna skal eg trene og kome meg i god form... Har planer om å delta i eit motbakkeløp i mine barndomstrakter til våren ;-) 
Eg starta godt og søndag var vi på topptur til "Mannen" ilag med våre gode naboer og venner. Vi var kjempeheldige og fekk strålande solskinn! 
Ein fantastisk tur, som vart avslutta med litt hønejakt...


Denne veka starta bra, men frå tysdag av har eg stort sett tilbrakt på sofaen eller senga. Influensa, eller noko som liknar... 
Har sydd nokre få sting på ei herreskjorte eg held på med, men det er alt... No ligg eg etter tidsskjema med fleire prosjekt, får satse på eg kjem i mål likevel!!


Det siste nye på håndarbeidsfronten er at eg har meldt meg inn i eit nettforum (projo-forum) spennande å sjå kva andre gjer og mange nye idear til nye prosjekt :-) Dei har òg ein nettbutikk, mykje ny og spennande tråd eg ikkje har prøvd før....
Eit prosjekt eg har "sikla" etter ei stund er "The Great American Aran Afghan"... Det er eit stort, strikka lappeteppe... No har eg håp om å få tak i mønsteret, det vert ei kjempeutfordring for det er berre på engelsk....





Har forresten kjøpt meg ei ny bok, kanskje det kan bli nokre vottar på strikkepinnane... Kven veit, var i allefall mange flotte mønster i denne boka!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar