fredag 20. januar 2012

Kake...


Torsdag kveld og eg held på å lage kake... Sjokoladekake med fondant-trekk og marsipan-detaljer!
Kaka bakte eg i gårkveld, men så... Uheldig!!! Typisk når den er til nokon andre...
Så no måtte eg bake ei ny i kveld, vente til den var kald nok til å dele opp for så å fylle og pynte den!! Men eg syns den vart ganske fin då :-)



Bunadsskjorta eg held på er no nesten ferdig... 
No er det kun trådtungene på ermlinningane og halskragen som er att :-)
Nye prosjekt er komne i hus, i går fekk eg ein ny bunad til brodering...
I dag kom ein pakke eg venta på... Sjå her :-)


 

Desse garn-nøsta skal bli til noko mjukt og deilig, merino-ull og alpakka ;-)
Kanskje eit sjal av den blå-lilla, sokkar av den grå-svart og den grønne hmmm... 
Sjal eller skjerf kanskje?? 

Men før den tid så er det ei grå hue (lue) som står på programmet. 
Ein av tantes godgutar (10 år gamle J.) ringte og spurte pent om eg kunne strikke ei "gråe lua, med dusk... ja, viss du kan å laga dusk då"...
Kven kan vel stå for den bønna?? 

1 kommentar: