lørdag 14. januar 2012

Litt handarbeid også...

PAY IT FORWARD 2011

På Facebook i fjor var det ein link ved dette navnet. Dei 5 første som trykte "liker" på statusen din skulle du gje noko heimelaga til. Og så måtte dei sette den statusen på sin eigen. Eg gjorde dette og fekk 5 hyggelege venner å gje ei lita oppmerksomheit til. 
Eg har laga kjøleskåpsmagnetar, dessverre fekk eg ikkje ferdig alle i tide...
 Men dei er på veg :-)
Ei venninne skal få noko anna, då ho sjølv har laga slike...


Eit lite grand-tantebarn fylte 2 år i desember, ho fekk Marius-genser...
Noko mamma`n hadde hatt på ønskelista ei stund, no fekk eg nokre timar ledig ;-)
(Du kan takke "Dagmar" for dei timane, det går utmerket ann å strikke i stearinlys)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar