onsdag 8. juni 2011

Arbeidslyst ;-)



Mira og eg har hatt nokre dagar heime og vi har vore tidlig oppe. Eine morgonen var vi komne ut i hagen før kl.8... På kne for å fjerne løvetann! Mira syntes det var morro å "jage" rundt matmor som prøvde å jobbe... Hmm... Var ikkje morgentrøtte meg som gjorde det før Mira kom inn i livet vårt!  Ikkje like lett med ein ivrig "hjelpar", men til slutt hadde vi no fått vekk alt. 

Planta litt bunndekkande "mose", satt ned syrinkvister, linjekonvall, vaska husveggar og klargjort for beising OG vi er ferdige med 2 strøk beising på eine sida av huset... Berre 3 sider att ;-)


Huset vert grått ;-) 
Butinox Dekkbeis, farge "kontur", alle lister skal være kvite..


Gubben slo plena, hadde tenkt at ho vart redd.. Men den var berre spennande ;-)

Jau, vi har hatt arbeidslyst... Mira har forresten fått løpestreng, og der har ho kost seg... Mykje spennande å utforske for ein liten kvalp i ein stor hage...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar