mandag 27. juni 2011

Nytt om MIRA

                                Mira har blitt stor "jente" på 3 mnd.
I skrivande stund ligg ho ved føtene mine og pip i fortvilelsen over å
 ikkje få ut "godbiten" i tyggeleika si ;-)
Den er litt vanskelig og ho strevar hardt her.... Greier det nok etterkvart ;-)
Ho er med oss på jobb, der er ho flink å ligge i buret sitt.. Krever ikkje så mykje, men innimellom blir ho jo sjølvsagt litt lei. Kan jo bli litt lange dagar avogtil... Snart er det ferie og det blir deilig ;-)

             Ho er ellers ei grei valpefrøken som leikar, går småturar og søv!

Nattevåk har vi sluppet unna, om dagane vil ho helst sove meir eller mindre oppå føtene våre ;-)


Tennene klør og ho gneg på det meste... Her har ho "lånt" seg ein hjortefot frå ei anna hundedame...
Ellers går det i grisehalar, tyggeleiker, vedkubbar (!) når ho er ute, og hender og føter... Det siste er ikkje lov, men når det klør som verst så er det ikkje så lett å la være ;-)


Mental trening er viktig, melkekartonger og andre esker er flotte... Her er det ein kremboks som får gjennomgå, inni ligg belønninga ;-) 
Svinesteik, pølse, leverpostei eller andre godsaker....

"Skal tru kven dokke er??"
Kjempespennande var det i allefall!!

MIRA og "mor" har vore på vår første fjelltur ilag.... Gjett om det var ei som storkoste seg, lett på tå sprang ho i vei... Skikkelig kjekt og masse nytt å snuse på!!
Ei flott turvenninne ;-D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar