mandag 27. juni 2011

Hagen vår ;-)

Hagen vår er innimellom eit virvar, men denne helga fekk vi i allefall klipt litt kantar... Og godt var det! Det var nyyyyydelig solskinn og Mira og eg var heime åleine...
 (Gubben var på skuletreff, han hadde nok hatt det kjekt ja... )
Vi koste oss Mira og eg også, men kantklipparen, ja den var ein smule nifs..
 Frøkena låg skinnflat under ei buske og kikka på...

Vi har mykje flotte pionar ++ og no kom dei litt meir fram. Hagen er eit prosjekt over fleire år, målet er å flytte busker og blomster meir saman slik at det vert lettare å klippe plenane... Vi har begynt, grev og plantar! 

Lupiner, desse er i ein mørkare rosafarge enn dei ein vanlegvis ser langs vegkantane! 
Nydelege!!

Roser har vi mange forskjellige av, denne er ei enkel nypelignande men i ein mørk, flott farge! Navnet veit eg ikkje, men muligens kinesisk ettelleranna?? Kanskje nokon kan hjelpe??

Nyyydelige orange roser... Denne har forferdelig med torner, men luktar deilig!!

Om ikkje så lang tid blomstrar nok også klatrerosene og klematisane!  Frå april til langt ut på hausten kan eg ta inn blomster i vasane... Snakk om å være heldig!!!


2 kommentarer: