søndag 29. mai 2011

ULLA-TUR

Denne helga har det vore songarstemne her uti havgapet. 
I dag var vi ein tur på Ulla Fyr for å sjå songartoget som gjekk frå Ulla og ut til fyret. 
Her trefte vi Scott m/matmor og familie, Mira syntes det var veldig spennende å helse på han (dei har treftes 1 gang før).

Dei leika ilag før det vart ein mini-utekonsert i vinden...


Alle kora stilte opp og hadde ei urframføring av eit nytt korarrangement frå Henning Sommero si hand, av "Mellom bakkar og berg.... Kjempeflott!!!

På vei heimatt trefte vi ei "litt" større malamutt-tispe... 
Mira syntes det var veldig spennende ;-)
Kjekt å få ein hundeprat, og kjekt å leike...

Det var ei sliten og trøtt Mira, full av nye inntrykk, 
som "klappa sammen" og sov i 2 timar då vi kom heim...

"Ikkje forstyrr, ej søv..."


1 kommentar: