onsdag 25. mai 2011

GLEDE......



Kva er glede? Det kan jo være så mykje vi er glad for...
Eit godt ekteskap, ein heim (som er god å kome heim til sjølv om det er rotete), ein trygg og sikker jobb, verdens flottaste utsikt, ein stor hage (sjølv om ej ikkje e så glad i å luke osv.), glede kan være å skape ting med hendene sine, både handarbeidsglede og bakeglede er i heimen vår ;-) 
Gode barndomsminner, familie og venner er òg noko av det eg gler meg over... I morgon skal ein av tanteungane mine få operert bort ein "pinne" som han fekk innoperert etter eit lite vinteruhell... No er bruddet grodd og heldigvis ser det ut som at han slepp noko plager vidare.

I helga var vi på besøk hos min kjære pappa og lisjebror. 
Mira var med og skulle sjølvsagt visast fram... Ho storkosa seg på barndommens trakter ;-)

Eg fekk også tid til ein tur på "Maryland" og til topps på skogsvegen... Det er alltid godt å kome dit, det var mamma`s sted. Ho elska den plassen, gjekk der ofte på turar... No er plassen og turen ein fin mimreplass <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar