onsdag 25. mai 2011

BLOMSTERLYKKE

SOMMAREN nærmar seg, ute bles det opp mot full storm... Det regnar og bles ;-)
Og litt lenger sør, på Staden velta ein bobil i vind så sterk som orkan i kasta... Det gjekk heldigvis bra med turistane som var innvolvert, men som de skjønar så er det skikkelig ruskevær...


Vår vesle Mira må uannsett luftast og vi må ut... 
Ho kosar seg i vinden, her er eit bilde tekje i blæsten ;-)

Blomstrane får hard medfart her uti havgapet, men innandørs kan ein gle seg over vakre blomar!
Då vi gifta oss hadde eg kvite cala i buketten, veldig enkelt men vakkert...

I går fekk eg sjå cala i fleire fargar på butikken her, eg greidde ikkje bestemme meg så det vart to...


Ein lilla og ein som nesten har svarte blomar... Flotte og utrulig vakre :-D
No pyntar dei opp i heimen vår - skikkelig BLOMSTERLYKKE i blæsta!!!

1 kommentar:

  1. Hei sveis ;-)
    Ja, visst bles det..
    No fyre eg opp..
    Har PH-dag, les om Medverknad m.m.

    God helg!

    klem

    SvarSlett