onsdag 9. februar 2011

ONSDAG OG FRIDAG...

Endå ei veke gjekk superfort, og eg har frionsdag igjen ;-)

I går reiste eg ein tur til Moa på handletur. Fekk kjøpt med meg nokre garnnøster (fleire plastnett!!!) og store strikkepinnar, fant nokre mønster på "nettet" av tova haner og høner så no er det litt påskepynt på gang!!

Mønsteret fant eg på sida til  Mikk-L design, som eg fant gjennom Facebook-profilen min. Dette er lettstrikka på store pinnar og så gler eg meg til å tove det i maskina etterpå ;-)

No flyttar det altså inn fargerike haner og høner i stua, får satse på dei ikkje er av det "bråkete" slaget!!!
Mikk-L design hadde mange flotte figurstrikk-mønster som eg etterkvart skal prøve meg på... Skulle du være på utkikk etter nye idear til strikkepinnane så anbefaler eg denne sida!!

Dette vart dagens reklame og eg er ikkje eingong sponsa ;-))))

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar