onsdag 9. februar 2011

KARNEVALSTID

Det er snart tid for karneval, og eg som jobbar i barnehage er i desse dagar på utkikk etter kostyme ;-)

I går kom eg til at det berre er å finne fram symaskinga og sy noe sjølv... Jaja, det har eg ikkje gjort før, men nå må eg til pers... Det er lite ferdige kostymer å få kjøpt for voksne.
Så eg kjøpte meg eit fin gardin, og den skal verte kostyme!! No ligg gardina på golvet og eg skal til å klippe topp til kjolen ;-))

Oppdatering på korleis dette prosjektet gjekk kjem etterkvart!!

OPPDATERING........


Korleis har dette gått??? Joda, eg klipte på frihand, sydde på frihand og "plasserte" på frihand... Resultatet er ikkje feilfritt, men brukande ;-)))
toppen sydd og her held eg på å festa den til skjørtet... 
linninga er gardinbåndet, snøring i livet ;-)

Fææærdiii..... 

Detalj, som de ser så er der til og med legg i toppen ;-))


Klar for KARNEVAL, med lange lyse lokker og "krune" på toppen ;-)

5 kommentarer: