onsdag 26. januar 2011

SUNNMØRSBUNADEN !!!

Denne hausten starta eg på bunadskurs for å lære å brodere sunnmørsbunaden!  Eg meldte meg på etter at ei kollega spurte om eg kunne brodere bunad til døtra som snart er konfirmant! Må seie at det var det vesle sparket eg trengte bak for å hive meg på utfordringa ;-)

Ørskogbunaden, den mest vanlege, vart vanleg på slutten av 1920-tallet. I 1927 fekk Kronprinsesse Martha den som bryllupsgåve frå Sunnmørsungdomen, og den gjekk og under tilnavnet Marthabunaden. Bunaden var komponert utfrå eit over 200 år gamalt forkle som var funne på Gjerde i Ørskog... Etterkvart kom fleire bygder med sine variantar av Sunnmørsbunaden, og framover til 1930 kom dei på rekkje og rad; Nordalsbunaden, Strandabunaden, Sykkylvsbunaden, Hjørundfjordbunaden, Skodjebunaden, Søre Sunnmøre- eller Dalsfjordbunaden og Vigrabunaden. (Info henta frå Husfliden)

I september møtte vi opp, 8 spente damer, på kurs som Husflidslaget i bya arrangerer... Kurset gjekk over 8 kveldar, og dette vart høgt prioritert. Det var utrulig kjekt, og vi vart etterkvart kjent med kvarandre. Så kjekt å bli kjent med andre med samme interesse. Og broderinga gjekk fint, eg hadde sågar 2 bunadar som eg broderte parallelt på i begynnelsen..
I oktober måtte eg levere innatt den første bunaden pga. at silketrykket begynte å flasse av. SURT, men det var berre å brette opp armane og begynne på nytt!! Trudde etterkvart at eg skulle bli ferdig til jul, men då den nærma seg vart det litt julestrikking og bunaden fekk ei lita pause til over nyttår ;-)

Her er heile forkledet... Det er det som har vore mest arbeid på ;-)

Detalj frå forkledet...

Ryggen, den ALLE ser på når dei e i kyrkja 17.mai... 
(Eller andre høgtidsdagar!)


Tampen, eller beltet...

Begge framstykka!

Lomma ;-)


Men no er eg endelig ferdig!! Har brukt tilsammen 3 mnd å brodere den, i morgon vert den overlevert min kollega.... No er det nokon andre som skal overta, for montering ;-)
Og eg fortsett på den 2.bunaden!!

Til hausten skal eg gå på nytt kurs ;-)  Då skal eg lære brodere skjorter ;-) Den påtegna, som er mest vanleg å bruke til Sunnmørsbunaden... Gled meg!!

5 kommentarer:

  1. Hei

    Må sende deg ei helsing på vegne av mor mi:) Ho takkar for ein flott blogg og er veldig takknemlig for bileta av sunnmørsbunaden, dei er til stor hjelp når ho sjølv broderar på bunaden. Håpar du legg ut bileter av skjorta også ;)

    SvarSlett
  2. Hei!

    Så fin bunaden ble! Du er flink!
    Tar du oppdrag også? Jeg er på jakt etter noen som kan sy skjorte til Sunnmørsbunaden (Ørskog).

    SvarSlett
  3. Hei Toneklone. Eg tar noen oppdrag, men har fullt program fram til 2014.Håper du finner noen som kan hjelpe deg, viss ikkje anbefaler eg deg å sjekke med Husfliden i Ålesund. Dei kan kanskje hjelpe...
    MVH tante

    SvarSlett