søndag 2. januar 2011

Juleferien straks over...

Så er også denne ferien over...
Vi har hatt ein fin ferie, men no er vi klare for ny innsats på jobb!!
Vi har hatt ei koselig jul ilag med mor til gubben og resten av familien på øya.
Romjul og nyttår i lag med pappa og ein del av gjengen i min familie, 
vi har gått på ski, gått kveldsturar og berre slappa av...

Nyttårsaften var det så glatt at vi fekk oss ein ufrivillig "snurr" med bilen, farta var ikkje stor så det gjekk bra men ein liten "grøftetur" vart det no då!!
I natt hadde det snøva ca.10 cm med snø, det var fint og kvitt ute.
 Her heime på øya er det ikkje kome så mykje.
 Det er veldig flott når det er kvitt overalt, her er eit bilde eg tok på Leikong i stad.
Er det ikkje flott?? Sola braut akkurat igjennom ;-))

Ha ei super veke!!

1 kommentar:

  1. Ja, no er det kvardag igjen..
    Merka stor endring på snømengde frå her og til jobb sjølv om det er berre 15min i avstand..
    ha med meg eit par karar og fekk måka vekk det verste for dei som kjem på TV i morgon.

    Lev så vel både på øya og i vågen :-)

    SvarSlett