tirsdag 24. oktober 2017

Nytt innlegg :-D

Hei igjen 😃

Dagane går og eg er no her og der, men ikkje her (inne på bloggen 😉)
Vi har hatt ein flott sommar, tur til nord-norge i år også...


Ute på tur oppe på Saltfjellet, ved Polarsenteret. Der var mange som overnatta på parkeringsplassen, også vi. En stille og fredelig plett på jord, enda så mange som er innom i løpet av sommaren. Mira fekk mykje oppmerksomhet, spesiellt av endel utenlandske turister som tydeligvis syns ho er noko eksotisk 😊

 

I varmen var det deilig å få avkjølt seg litt i snøen 💙




Vi kjørte nedover Helgelandskysten og fekk med oss mykje flott natur, Spesiellt kjekt var det å gå ein tur opp til Torghatten ved Brønnøysund. Denne dagen var det ekstra varmt, så vi var glade vi ikkje var der før utpå ettermiddagen. Litt kjøligare å gå då. 


 

Her er ein av mange flotte solnedgangar vi fekk på turen vår... Vi hadde stort sett 25-30 grader dei dagane vi var nordaførr, og sola var magisk på kveldane... 



Besøkte Kortmans lysfabrikk i Vuddudalen, like sør for Frosta.



Og Tautra klosterruiner, ute på Frosta. 





No i haust har eg vore med på hjortejakt, spennande, men også ei tålmodighetsprøve...
Spesiellt når dagane går og einaste hjortane du ser enten er altfor langt unna til å skyte på eller ikkje er nært nok før det er for mørkt... Vi har enno ikkje skutt noko, men satsar på at det kanskje bli ved neste fullmåned.


Flott å ligge på post i nydelige haustkveldar.



Einaste "jakt-resultatet" sålangt har vore nydelige naturopplevelsar og solnedgangar.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar