fredag 6. januar 2017

Turer i året som gjekk

Mira er min faste turvenninne, ho er ALLTID intressert i å være med på fjellet 😍


Vi har hatt mange flotte turar på Mannen, både i solskinn og snøkave, vind og vindstille 😀


Mange bilder er frå toppen her, men i ulike typar vær vert det ulike "maleri"... Facinerande og eg berre "må" ta bilder ;-)

 I påska fekk eg endelig besøkt "Kyrkja hass Bård i Neset" 😃 Ein facinerande stad ytterst i havgapet, med ei spesiell historie. Vi var eit lite følgje, og fekk med to kjentmenn/damer som fortalde historia om han Bård i Neset. Spennande.... Grotta under her er i kyrkja hans :-)


Spennande, var litt mykje vatn så vi kunne ikkje gå inn denne dagen. Men den har ein liten sidegang også, litt til venstre på bildet kan ein sjå konturane av denne.


Nydelig å være så langt uti havet når sola går ned 💛


I mai tok vi turen til Rogaland og konfirmasjon i familien, Mira var med. Ho "fann tonen" med dei to kaninane i familien, satt pal i ei veke og laga innimellom nokre fortvila klynk fordi ho ikkje kom nærme nok til å få snuse skikkelig på dei 😂😂😂


På veg heimatt kjørte vi "ørten-pørten" tunella, blandt anna Lærdalstunellen som er nesten 25 kilometer lang. Den har 3 slike blå "lunger"...


Då ferien starta hadde vi ei koselig helg i Trondheim, der trefte vi og på ein vennefamilie. Været var ikkje heilt topp, men alt er fint i godt selskap.


Det var mange fine kveldar denne sommaren, og eg koste meg med ei god bok på verandaen nokre av kveldane :-)


Vi besøkte familie i Romsdalen :-) Nydelig solnedgangar atter ein gong, den eine kvelden satt vi ute med grilling og bål til langt på natt 💚

  
I vekene skifta vi eindel bordkledning på huset, og kasta ut ubedne beboere ;-) 
Her var eit humlebol 🐝


Kjekt å treffe slekt og venner, bobilen tok oss med i nærområdet. 
Og det vart nokre turar der og...


Fine dagar ❤


Ute på tur, og alltid med den traurige støtta...


Den flottaste utsikta ein kan tenke seg, mange turar vart det på Mannen dette året. Målet mitt var 50 turar dette året, det vart 41 på toppen... Etter skade i vår/sommar og eit kne som ikkje ville heilt i haust så vart det litt vanskelig å nå alle 50... Men, men... Gir ikkje opp, så då er det eit nytt år med 50 turar som mål... Og når ein er opp og får ei slik utsikt, det kan ikkje bli betre 💖



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar