fredag 6. januar 2017

Det går i bølgedaler...

Bloggen min er ikkje så veldig "levande", eg er klar over det og beklager det. Men slik er det no eingong blitt då.... Det er her tittelen kjem inn 😆
Det siste året har gått sin gang... Eg var sååå i farta med mine fjellturar då eg 1.mai var ute for eit uhell på veg nedatt... Kva som eigentleg skjedde veit eg ikkje, men plutselig låg eg der med sterke smerter... Gubben måtte komme opp med bil og hente meg, heldigvis er det ein grei veg over fjellet her... Vi reiste inn på sjukehuset, og etter 7 timar på legevakt, røntgen og mottakelse var vi på veg heimatt... Eg med støtte og krykkjer og sjukmelding... Greidde ikkje trø på foten, mest sannsynlig var det eit avslitt leddbånd...
Mira passa på... Slik satt vi i fleire veker 😉 Den skinna  hadde eg på dag og natt i 6 veker, trudde eg skulle bli sprø....



Slik såg foten ut etter nokre dagar! Støtta gjekk eg med i 6 veker 😒 Du kor kjedelig, så var det å komme seg igang med forsiktig opptrening, følelsen den dagen eg etter neste 2 1/2 mnd stod på toppen igjen var enormt god 💖


Mira var også veldig glad 😃

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar