onsdag 22. februar 2012

Maskemarkører!

Det er mange år sidan eg starta å strikke, allerede då eg gjekk på barneskulen strikka eg på ein barnegenser som aldri vart ferdig :-)
Seinare i livet har eg strikka ferdig maaange prosjekt, men aldri har eg brukt så flotte maskemarkørar som eg nyleg har kjøpt...
Eg har som regel brukt ein tråd-ende og det har vore greit det altså.
Men etter å ha blitt ivrig nettbrukar også på ulike hobby-bloggar så har eg no skaffa meg dette vesle som eg ikkje visste eg hadde bruk for :-)
OG EG HAR IKKJE ANGRA :-)



Er den ikkje flott?? 
Og faktisk enklare enn ein trådstubbe (som ofte klenga seg med i strikketøyet)
Heretter vert det kun maskemarkørar! Eg kjøpte mine frå ei venninne frå studiedagane. Her er bloggen hennar http://torilagnesdesign.blogspot.com


Eg held også på med bunadsstrømper, når eg feller inn i holranda på dei så er det viktig å gjere det på samme plass på begge strømpene. Eg har telt og telt, no kan eg berre sette inn ein maskemarkør på den omgangen som det er begynt å felle inn på.... MYKJE enklare! 

Markørane har 2 forskjellige fester, det gjer at det er enkelt å feste i strikketøyet.. Eller ha den på pinnen og flytte den frå omgang til omgang!

Berre sidan eg kjøpte desse for knappe 2 veker sidan har eg hatt stor nytte av dei! Dette skulle eg hatt før, men bedre seint enn aldri!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar