mandag 20. februar 2012

Bunad og sjukmelding

For tida går tante sjukmelde heime, eg går eindel på fjellet (kan heldigvis det) og ellers broderer eg på bunad igjen... Min 3. bunad er på gang, denne skal til nabo`n`s ;-)
Det er utrulig kjekt med brodering, eg starta med forkleet slik eg lærte då eg gjekk kurs for å lære bunadssøm... Då får ein god trening på stinga til ein kjem til ryggen, det er den alle ser... Berre tenk på det, 17.mai i kyrkja, i ein barnedåp, bryllup eller andre festligheter der ein har sjansen til å bruke bunaden sin... Kva ser ein best om ikkje ryggen til den som sit framfor seg? 


Og så strikkar eg litt, "Marius" er alltid moderne, den er det ei tantejente som skal få etterkvart... Svart/Kvit/Rød... Med rundfelling, enkelt og greit å strikke det.
Det er godt å ha handarbeidet å halde på med for dagane kan jo vert litt lange. 


Mira koser seg med fjellturene, og ellers slappar ho av i fotenden på sofaen... Eg slappar og av på sofaen eindel, tidlegare i dag sovna eg på sofaen etter eit legebesøk. Då eg våkna var det med ei bikkje på ryggen som låg med beina i været og sov ;-) 
I går kom det endelig litt snø og tante såg føre seg at no skulle det bli ein skitur eller to... Men neida, i løpet av natta blåste det opp og begynte å regne så no er det meste av snøen borte. Kanskje er vi heldige å få litt meir snø, hadde vore kjekt å gå på ski...

1 kommentar:

  1. Hei der var du! Trasig at forma ikkje er heilt på topp. Eg tek ut ei veke ferie denne veka. Vakna med migrene ... typisk! Her er det snø, men den får hard medfart av regn og vind.
    God betring- snakkast! klem

    ps: flott bunad :-)

    SvarSlett