lørdag 20. oktober 2012

Sarah Bernhardt-igjen

Den eldste av nevøane på tante si side fyller 14 år i neste veke. Vi gratulerer A. så mykje med dagen. Denne helga er vi inviterte til bursdagsselskap, og det gleder vi oss til. Jubilanten skal forøvrig spele fotballkamp før selskapet, og vi har tenkt oss avgårde å heie på han og laget hans :-)

Men, sidan eg veit han har ei kake han likar veldig godt (det gjer forresten tante også ) så tok eg meg tida til å bake dei, sjølv om det eigentleg er julekaker...


Her er eit brett med go`kaker, no ligg dei i frysaren på vent... 
Ellers vert det no ei lita bursdagsgåve også då :-)


Hverken jubilanten eller foreldra veit at dei kjem, så det vert ei stor overrasking :-)

NO er kakene overlevert, jubilanten vart veldig glad! Han sparte dei til ungdomsselskapet som han skulle ha til kvelden! Ellers var det "hans" kaker ;-) HIHIHIHI......
ALLTID kjekt å gje vekk noko som vert satt sånn pris på!!

2 kommentarer:

  1. Herleg!
    Så god du er til å glede andre :-)

    Stor klem flyg ut på øya til deg.....

    SvarSlett