fredag 19. oktober 2012

Haustens handarbeid

Hausten er ei fin tid, spesielt godt likar eg at kveldane vert mørkare og eg har ei GOD unnskyldning for å fyre opp "eit hav av lys":-)

Denne hausten har eg brodert på bunad, og eg har strikka eindel. No er 2 av arbeida komne fram til dei som skulle ha det så eg kan vise fram bilde her...


Denne genseren var de O. 2 år som fekk, han er den yngste av våre grandtante/onkel barn. Ein blid godgutt som sjarmerer alle omkring seg :-)



I sommar fekk eg bestilling på pulsvarmarar frå ei av svigerinnene mine. Mønsteret vart tekje frå "eige haud" med maske-antall-hjelp frå I-B, TUSEN TAKK!!
Då eg sende dei, la eg "magebeltet" frå tråden rundt pulsvarmarane, då er det greit å finne ut korleis ein skal vaske dei :-)
 Det tok litt tid å få tida, men no er dei ferdige og framkomne til N.



No er det tennbrikkett-skjular og bunadsstrømper. Strømpene starta eg på i sommar, og no må eg snart få dei ferdige!
Så det kan nok verte fleire bilder av ferdige produkt utover hausten...

1 kommentar: