søndag 16. september 2012

Sidan sist.....

Tante har vært fraværende på bloggen, men kjem no sterkare tilbake :-)

30.juni leverte eg kake til eit bryllup, ei av mine venninner gifta vekk sin yngste son... Her er nokre bilder...

Lagde 2-etasjes kake, bilen fant eg på ein bokhandel på Moa :-)


Kaka var fylt med vaniljekrem og aprikos-sylte...


Og her var det ferdige resultatet :-)
Gratulerer med vel overstått bryllup til V & H, som no har vore gift i 2 1/2 mnd.!

Har hatt ferie siden sist... Kjøpt oss bobil har vi også!

Bobile, ein Hymer, er nesten 8 meter lang... Så vi har god plass!
(her har gubben vore fotograf)

Hadde oss en snartur på sørlandet, fekk med oss Ikea i Kristiansand, Porsgrunn porselensfabrikk, Hadeland glasverk, besøkte pappa`s søskenbarn på "toten" ( i allefall i nærområdet)... Siste natta vill-campa vi ved Vikingskipet saman med vener frå Ålesund. 


På Hadeland fekk vi blandt anna sjå på glasblåsarar i arbeid...

Vikingskipet i skumringa...
(Fotograf: Gubben)


Vi fekk være ilag med slekt og vener i ferien, mange av tante-ungane har vore på besøk... Vi har hatt flotte turar i Myrane ilag med mange av dei 


Her er vi på veg ut i Myrane....

Vi gjekk ein kjempeflott fjelltur i barndommens paradis :-) Ein fjelltur eg aldri har gått før, vi brukte 7 timar på turen og hadde fleire gode rastar med mat og drikke. På denne turen var vi saman med ein bror, 2 svigerinner og 3 tante-barn :-)


 Frå toppen av fjellet, utsikt over den flottaste fjorden i verden :-)

Ellers har vi beisa litt hus, tatt bort bordkledning og skulle skifte vindu..Sjølvsagt vart det ikkje berre å gjer det, viste seg at verandadøra var sopass dårlig at den måtte skiftast likevel.... Jaja, no ventar vi på at den skal kome... Var ca.4 veker bestillingstid, dei vekene er snart gått!! Blir greit å få dette gjort før 
vinteren :-)

Tante har ellers strikka på bobil-tur med gubben som sjåfør... Då strikkar eg medan han køyrer :-) Og så broderer eg bunadsskjorter, har levert frå meg 2 stk no etter ferien :-)
Men eg er ikkje berre passasjer, har og vore litt sjåfør og det var ei utfordring når bilen er 4500 kg og nesten 8 m lang :-) 
Var kjekt med ei ny utfordring, og så ser ein jo så innmari mykje betre når ein set litt høgare oppe...

No er det bunadsbrodering igjen, og litt strikking...

2 helgeturer har det blitt etter ferien, neste helg tek vi laust igjen :-) Gler oss... Bobil er kjekt!!

1 kommentar:

  1. Du er flinke!
    Strikkar og syr..
    Bakar og køyrer bil..
    Og går tur i den vakraste bygda som finst..

    god klem :-)

    SvarSlett