lørdag 30. juni 2012

Tantebesøk :-)

Denne veka har vi hatt besøk....
Av den nest-eldste av tantejentene på tante si side, så innmari kjekt at ho ville kome. Heilt åleine... Eg var på flyplassen og henta ho mandag :-)
Allerede mandag kveld var vi på ein liten fjelltur ilag med Mira. Tirsdag var ho med meg på jobb og om kvelden var det kveldstur.


Onsdag stod høgaste toppen for tur, men først var det laging av marsipanroser. I morgon er det ei venninne som skal gifte vekk yngste sonen, og eg har baka kake. 
På veg til "Mannen" traff vi på denne karen, ikkje av dei vi hadde mest lyst å treffe nei...


På toppen var det tid for ein godbit på både 2 og 4 beinte...


Torsdag var eg på jobb og personalmøte så da var M. heime ilag med onkel.
 M. og tante var på fotoshoot på kvelden, solnedgangen måtte forevigast...


Idag har vi handla og pynta bryllupskake, godt å ha hjelp... 
No er kaka klar for levering, monteringa vert først når vi er framkomne....
Rosene er laga i 2 lillafargar... Og bilde kjem seinare :-)



1 kommentar: