tirsdag 6. desember 2011

Long time....

Denne hausten har vore ein hektisk haust, med nye og spennende utfordringer i jobben min, ei Mira som skulle luftast både morgonar og kveldar. Dressurkurs, bunadskurs, Alpha-samlingar og diverse andre "happenings" å delta på... Dermed har det ikkje vorte så mykje blogging som eg hadde tenkt meg, men NO kjem her litt...

Etter ein lang og som sagt hektisk haust skulle den siste ferieveka mi avviklast.. Eg var kjempeheldig!!! Fekk eit tilbud som nesten var for godt til å være sant, men eg fekk altså tilbud om å være med ei venninne til Spania i leiligheta til foreldra henna...  Det var deilig å ha ein slik tur i sikte og endelig kunne eg sette meg på flyet... Rolege dagar låg framføre, oppladding til juleførebuingane :-)

Vi fekk eit par dagar med strandvær, ellers var det shoppingvær og ein av dagane, skikkelig innevær :-)
Litt soling på terrassen vart det også tid til :-)
Men kom heimatt med nesten halvparten av årets julegåver i kofferten... Vart så mykje at eg måtte gå til innkjøp av ny reisebag (ein STOR)...
Denne dagen var litt "ruskete", men vi gjekk ein fin tur på piren... 
Nokre surfera nytta bølgjene til litt morro...

Men siste dagen kunne vi nyyyyte til fulle på stranda... 
Årets siste (?) bad vart tekje denne dagen, i allefall i sjøen!!!

TUSEN TAKK til T. for at eg fekk være med!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar