fredag 8. juli 2011

"Mannen"

I går hadde eg nokre timar heilt for meg sjølv, og då fekk eg så lyst å gå på fjellet..
Det låg der og "ropte", var så lenge sidan sist eg hadde vore der...
Dei siste månadane har det vore mest turar her på markane, berre nokre få koseturar på Tverrfjellet...
Men no skulle eg gå, forma var betre enn eg trudde..


Passerte Håmannen på 35 min, og ny rekord på Mannen vart 1 time akkurat ;-)

På veg nedatt fekk eg plutselig høyre ein lyd eg ikkje fekk til å stemme med naturen rundt meg..
Då eg løfta augene litt meir fekk eg sjå ein svær "turist" på veg ut fjorden ;-)


Litt dårlig kvalitet på bildet, det var tatt i disig kveldsvær... Med mobilen ;-)
Men størrelsen på båten går ann å sjå.... Dei er store og flotte desse cruise-skipa ;-))

1 kommentar: