mandag 7. mars 2011

Ut på tur....

Denne vekå har eg ei litt "annerledes" veke! I staden for å være på jobb har eg fått reise på HMS-kurs i Bodø ;-) Det er også jobb, men ein annan kvardag enn vanleg...
Veldig spennande, og kjekt!! Eg trivest i jobben min, men det er avogtil kjekt med nye "innputt"...

Etter ein lang dag ned undervisning vart vi frakta med buss ca. 1 mil utforbi byen til ein lavvo.. Der fekk dei som ville rusle ein tur ned til fjæra før middagen vart servert... Nydelig biff med poteter og stekte grønsaker!! Underholdning og godt selskap ;-)

Og to dagar til står ennå for tur... I morgen håpa eg på litt tid til å rusle i byen, og kanskje shoppe litt?? Alltid kjekt med nye butikkar!

2 kommentarer:

  1. Så koseleg!
    Skulle ynskje at eg var der saman med dykk!
    Hels!!

    klem

    SvarSlett
  2. Det hadde vore koselig S. Blei litt rusling og lite shopping, men ny sjanse i morgo før flyet går!!!

    SvarSlett