lørdag 12. mars 2011

Kakehobby ;-)

Denne veka var eg i Bodø på kurs fram til onsdagen.. Flyet landa så seint på Vigra at eg måtte skaffe overnatting på veien heim, det er kjekt med ei go`tante i nærleiken ;-)

Sidan vi skulle ha eit bursdagsopplegg på jobben fredag hadde eg tilbydd meg å bake kake... Hadde ikkje tenkt på at eg ville få litt tidspress torsdagen ;-D
Då er det godt å ha ein supermann i heimen, han bakte sukkerbrødet for meg!!!
Dermed var det berre for meg å fylle kaka og pynte den...


   KJEMPEFORNØGD 
   
 med resultatet, og mannens innsats var super!!! Kaka blei god ja ;-)

Det vart att mykje så idag har vi hatt restefest!!

2 kommentarer: