søndag 22. mars 2015

Besøk i heimen..

 Fekk besøk av to gode kolleger her, og fekk flotte påskeblomar med dei... Vi hadde ein koselig dag med god drøs, og godt selskap. Alltid kjekt!!


Nyyydelige gåsungar!!


Våren er kommen, det er deilig med alt som spirer og gror. Denne helga har vi hatt gravemaskin i hagen, gubben har fått gravt opp inngangspartiet vårt.. No er det klart for å legge duk og nytt lag med singel der, det blir godt å få stelt opp litt... I tillegg har han vendt om mange av blomsterbedda, der skal vi så i plenfrø...  Då vert det lettare å slå plen etterkvart :-)
Eg har vore ute og grove opp eindel løkar og plantar som eg skal spare på... Så i løpet av dei neste vekene må vi få vekk ugrass og satt dei nedatt... Skal bli litt betre i hagen... Våren er god, den betyr nytt liv!! Vi har også begynt å ta inn blomster frå hagen, har mykje å gle oss til framover!!








1 kommentar:

  1. Kjekt med besøk!
    Eg og husbonden var ute på tur i 2t i nærmiljøet med kaffi/matpause.
    Herleg sjølv om eg vart litt blaut på beina..

    klem sendt utover til øya :-)

    SvarSlett