lørdag 12. mai 2012

Vi er her endå ;-)

Det har gått ei stund sidan siste blogginnlegget, men vi er her endå ;-) Dagane går, eg har begynt på at på jobb i 40 % no. Og dei andre dagane følest som at dei går til "besøk" hjå fysioterapaut, kiropraktor og lege... Og nokre fjell-og fjøre-turar ;-)
Sidan sist har det vorte nokre fjellturar, Mira storkoste seg og leita etter mus som videoen syner.


Men etter ein lang vinter så fant vi endelig kvitveisen på vår vandring uti Myrane.


Det var ein nydeleg dag, gubben var på dugnad på skyttarlaget si bane og vi to damer`ne hadde oss ein flott fjøretur...


Ein søndagskveld gjekk vi over fjellet, starta ikkje før kl. var 20.30. Men sola skein fortsatt i bakkane og sjølv om det var mykje spennande å snuse fram så var Mira "villig" fotomodell i kvitveisenga ;-)


Og ENDELEG.... I går kunne vi plukke inn dei første tulipanane frå eigen hage dette året... 
No er det ordentlig vår!!


HA EI FLOTT MAI-MÅNAD VIDARE!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar