lørdag 29. oktober 2011

SLAKTETID...

Haust betyr for oss slaktetid...

Mira var svært fornøgd når slakta kom i hus...
No er slakta partert og komne i frysaren eller til tørk! Dei siste dagane har vi holdt på med saudeslakt. Reinskore, mæle opp til farse og vi har "føggla" mør og sydd rull. Det er ikkje nok med ein sort her, møren skal både boknast og tørkast...Fårerullane skal være både med kjøtt og kjøttfarse. Dette er eit intenst arbeid, men no er det gjort ;-)

Mira "hjalp til" på sin måte, veldig greit å få ho opptatt med noko og gjett om det var ei som storkoste seg!!

Litt av rullane eg har sydd! I år fekk eg 13 rullar i litt varierande størrelse av dei 2 slagsidene som var på sauen. Eg kan hugse at mamma sydde og laga rull kvart år, men eg fekk ikkje interessa for dette før gubben kom inn i livet mitt! Svigermor har lært meg dette, både å dele opp slagsidene og fylle dei. Vi brukar salt og allehånde som krydder, og dette vert både til middag og pålegg!!

Så var det møren som skulle "føgglast"... Eit forferdelig rart uttrykk som eg aldri hadde høyrt før eg kom hit på øya... Kvar det stammar frå veit eg ikkje, men det betyr at vi stappar mørdeigen i tarmane! Dei små, korte til venstre skal boknast. Då heng dei 7-8 dagar før vi frys dei ned. Dei lange til høgre vert tørkamør, dei skal henge like lenge som ribbesidene! No er julematen sikra ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar