torsdag 17. mars 2016

På blogger`n igjen...

Snart eit år har gått... Igjen :-)
Eg er ikkje så flink å være stabil som blogger, men her kjem eit innlegg.
Naturen har mange flotte uttrykk, dette svampe-hjertet fant eg i fjøra ein dag...
No pyntar det opp på badet her i heimen.


Det har vorte mange flotte turar, både i fjøra, på fjellet, i skogen, her på øya og ellers der vi har vore. Det fleste turane ilag med ho her :-)
 Mira er ei trufast turvenninne, og vi har hatt mange flotte turar ilag. 
Søndag vert ho forresten 5 år <3

   Her er vi på Håmannen!










søndag 22. mars 2015

Besøk i heimen..

 Fekk besøk av to gode kolleger her, og fekk flotte påskeblomar med dei... Vi hadde ein koselig dag med god drøs, og godt selskap. Alltid kjekt!!


Nyyydelige gåsungar!!


Våren er kommen, det er deilig med alt som spirer og gror. Denne helga har vi hatt gravemaskin i hagen, gubben har fått gravt opp inngangspartiet vårt.. No er det klart for å legge duk og nytt lag med singel der, det blir godt å få stelt opp litt... I tillegg har han vendt om mange av blomsterbedda, der skal vi så i plenfrø...  Då vert det lettare å slå plen etterkvart :-)
Eg har vore ute og grove opp eindel løkar og plantar som eg skal spare på... Så i løpet av dei neste vekene må vi få vekk ugrass og satt dei nedatt... Skal bli litt betre i hagen... Våren er god, den betyr nytt liv!! Vi har også begynt å ta inn blomster frå hagen, har mykje å gle oss til framover!!








Lappeteppe

Dette er det eg har holdt på med dei siste månadane! Mønsteret var frå eit Drops-hefte med tråden Delight.. Eg valgte BigDelight og dermed vart det både større og færre ruter :-)
Valgte å hekle sammen med svart for å roe ned uttrykket litt! 


Garnet er i 100 % ull, så det er varmt og godt. Det skal etterkvart være i bobilen vår, fargen er valgt utifra fargen i den... Eg kjøpte garnet på Lykkeriet i Valldalen, Der var det veldig god service, ho sender også garn dersom du treng meir :-)

Gode vinterdagar

Det har vore nokre flotte vinterdagar i februar, Mira og eg har vore fleire turar uti Myrane. Berre vi to, og saman med fleire. Fasinerande å gå ute på rullesteinane, både i finevær og på litt meir "ruskete" dagar... 


Solnedgangane gir mange flotte synsopplevingar, det er vanskeleg å gjenngi fargane så intens og vakre som dei er men her er iallefall eit bilde...



Mira kosar seg gjerne ute på verandaen når sola skin, der har ho full oversikt over alle som går/syklar/spring/kjører forbi... 


fredag 20. februar 2015

Ut på tur

Ut på tur, ilag med Mira... 
For ei glede å kunne gå seg ein kort eller lang tur, saman med ei slik kjekk snuppe :-D 
For tida har eg hevet meg på bølgen med å være i bevegelse minimum 30 minutt i 30 dagar på rad, eller som det heiter på instagram #mine30
Denne veka har Mira og eg vore på fleire slike småturar, og det gjer så godt... 
Sjølv om det er litt ruskete vær med regn og vindkuler rundt oss...


Mira har sjølvsagt refleksvest på seg, ikkje så lett å sjå i mørkret....


På vei ut viser vesten litt betre... Og JA, ei snuppeduppe måååå ha ROSA vest!!

PS. Og idag prøva ej ut ny farge på bloggen :-)



onsdag 18. februar 2015

Mannen 347 m.o.h.

Endelig var forma så bra at eg kom meg på "langtur". Søndag var det nyyyydelig vårvær, og vi bare måtte ut i sola... Mira og eg. Vi hadde en flott tur! Sjølv om høgdemeterane ikkje er så mange så vert turen lang likevel, der vi snor oss oppover først innover øya, så oppover dei bratte svingane før vi avsluttar med å gå utover øya mot den siste bakke heilt opp... Men alle skritta er berre såååå verdt det, når du står der og ser den flotte utsikta.... Her i panorama!


På plass på toppen var det tid for litt vatn på til tante, og ein grisehale til Mira!
Sjå dei flotte, snøkledde fjella i bakgrunnen! Nyydelig utsikt, og i slikt vær kunne eg sete her oppe i timesvis og berre kikka utover!



MURITUNET


Tante fekk eit opphold på Muritunet i Valldal i haust... Ein heil månad der det KUN var meg sjølv og mi helse eg skulle konsentrere meg om :-D
Spennande å kome dit inn, på livsstilskurs... Legge om heile livsstilen er ikkje lett, men det er det eg held på med... Meir aktivitet, sunnare kosthold, betre søvnrytme etc... Alt for å få ein god helsegevinst!
Vi hadde ernæringslære, prøvekjøkken, trening, trening, og enda meir trening... 3 - 4 økter for dag, i svømmehallen, gymsalen, treningsstudio, ute i det fri og på lengre turar... Tøft i begynnelsen, men ein merka endring og betring i formkurvene etterkvart som vekene gjekk... No er vi heime, men skal tilbake til Muritunet på to nye opphold. Men dei vert på 2 veker i slengen.  I mellom oppholda skal vi opprettholde dei gode vanane vi fekk i løpet av denne månaden, både på den eine og den andre måten.
Vert kjekt å kome tilbake og treffe gruppa igjen, få litt oppmuntring og fleire gode vaner... Det er ikkje lett, men eg skal greie det!!

På "blogger`" igjen

Det går litt tid imellom kvart innlegg, men her kjem iallfall ei lita oppdatering. Sidan sist har vi fått flytta heimatt, og gler oss kvar dag over korleis vi har fått det. Det var ei tøff tid, men andre har det verre... Og det tøffe vart no iallefall til noko godt... (til slutt..)


Viser nokre bilder, det over her er frå stua. Vi har fått ny sofa, kjøpt brukt men veldig fin. Og skinn passer godt for oss som har hund...Til høgre er den flotte peisveggen og vedovnen. Her har vi tent i den for første gong, kan tru den varmar godt i stua.. Flisene har flisleggeren lagt, nydelig arbeid :-D
Veldig fornøgde!
Det var kjekt å få pynte til jul i nyoppussa hus!! Spesiellt sidan vi i fjor ikkje rakk å få pynta noko særlig før vannskaden vart oppdaga... Hadde gledd oss veldig til å gjere det ordentlig i år!





Kjøkkenet vart veldig flott... Og til tross for alle skuffer
og skap vi har, så har eg fortsatt koppar og kar som ikkje
 er utpakka enno (pga.plassmangel, tru det eller ei)



Feira jula med julemiddag her hos oss, i år... Og vi hadde familiemiddag 2.juledag der vi var 19 til bords... Koseligt!

Juletreet og Mira måtte forevigast ilag :-)

tirsdag 9. september 2014

Snart.....

Snart kan vi flytte heim til huset vårt igjen, vi gled oss veldig...
Borte bra, men heime best stemmer nok :-)
Det har vore mange og lange månadar å vente på at golva skulle bli ferdige, det skulle tørke både før og etter og under... Huff... Men innimellom ventetida har vi òg fått fiksa andre ting, slik at heimen framstår no i heilt ny drakt... Godt og rart på ein gong....


Her er kjøkkeninnredninga koma inn, bildet er frå nokre veker tilbake så no er både ovnen og vasken på plass, handtaka er der og listene er komne inn... 


Golvet på badet før det var heilt ferdig, no er også veggplatene på plass... Og vi ventar i grunnen på at rørleggaren skal kome og koble inn vatn....

Kanskje, kanskje får vi flytte inn i neste veke???
Den som venter på noko godt ventar ikkje forgjeves heiter det :-)

lørdag 5. juli 2014

Framgang...

Det begynner å ta form, huset vårt no.... Takplatene og veggplatene er på vei opp, det er kjekt å kikke innom no... Viser så godt kva dei jobbar med der ute... Badegolvet står til tørk, så om nokre veker kan fliser leggast der og... 


Forhåpentligvis ferdige med resten av oppussinga her då...


Bilda er frå litt ulike vinklar inn mot stuedelen... 
Ååååå kor eg gledar meg til å få flytte innatt igjen :-D

SOMMAR

Ååååå.... Flotte sommardagar og kveldar er hærligt... Her ein kveld brende vi stoooort bål, det er flott å sitje i fjøra og sjå utover havet medan ilden varmar :-)


Blomane i hagen vår blomstrar, her er eit knippe eg tok inn ein dag... Det vart mange bukettar, eg "fråtsar" i blomster om dagane her :-)



Hærlige fargar og blomar, her var både roser, pioner og lupiner... 





Det årlige dyrlege-besøket

Så var tida der for årets vaksine. Mira var litt meir usikker denne gongen, faktisk litt uvillig....


Er du sikker på dette, mor?? 

Jaja, inn kom vi og fekk tatt både vaksine og kloklipp... Ikkje utan hyl denne gongen, for første gong har ho reagert når ho fekk vaksinestikket... Og hylte.... Deretter var det kloklipp, eg har ikkje sett på maken... Ho hylte, sparka og sprella...



Men til slutt var no finpussen tatt og det var ei happy bikkje som kom ut i bilen igjen :-)
 Eitt år til neste gong, kan det sjå ut som ho tenkjer... Men den gang ei, vi må nok ta kloklippen litt oftare ja...

Sommartur med bibelgruppa


Vi hadde en flott kveldstur ilag med bibelgruppa tidligare i vår, eg og Mira. 
Og turen gjekk ut på vakre Ullaholmen... 
Her hadde eg ikkje vore før, men ein nydelig tur vart det!



Flott utsikt i kveldssola, og nydelig terreng å gå tur i...
Mira syns det var "litt kjedelig" at ho ikkje fekk lov å helse
på sauene som går der, men det kunne ho sjølvsagt ikkje få lov til!


Flott med solnedgangen uti havet :-)


Gamle murar som står, er fasinerande å sjå på... Bildet er tatt innatt mot Ulla...

søndag 15. juni 2014

Nokre skrytebilder av kaker...

2-etasjes marsipankake til min nevø A. Den var den siste eg bakte i fjor til konfirmasjoner... 


Det stod også navn på kaka, men det er retusjert bort...

Før den hadde eg bakt 3 slike bok-kaker i ulike fargar, ei i rosanyanser, ei med svart-orange og ei med lilla-grått.... Dessuten var det ei dobbel-hjertekake i blånyanser... Eg kosar meg når eg held på med dette, men det tek mykje tid og eg innrømmer gjerne at eg var litt lei på slutten...


Men ikkje verre enn at i august vart det ei enkel kake til bryllupet til ein nevø. 
Jammen kjekt å få kome i bryllup, dei fekk ein strålande dag!


 Nokre kransekaker har det vorte i løpet av året og...


og nokre kvæfjordkaker...


Det er kjekt å bake litt innimellom...


Konfirmasjon


 På tur til Rogaland og konfirmasjon til vår tante/onkel-jente M.
Ei flott langhelg ilag med M og familien, hærlig!! Og bobil-tur gjennom vårt lange og flotte land :-)


Snart framme...




Tante måtte sjølvsagt lage kaker, konfirmasjonskaka var med navn men retusjert her... 
Kransekake og Sarah Bernard vart det og, dei var ferdiglaga på førehand... Så vi hadde god tid til å kose oss ilag og...

På veg heimatt gjekk turen om Suldal,Røldal, Odda og Hardanger... Mykje flott å sjå :-)
Snø var det enda oppå fjellå...


Og vi prøvde ut det nye Hardanger-sambandet med tunnellar og bru... Men fyameg kor dyrt det var for oss med bil over 3,5 tonn... Jaja...


Stilig med blåe lys og rundkjøringar inni tunnellane....


HUSET VÅRT ER SKADD...

 HJÆLP.... I begynnelsen av desember fekk vi skade på huset vårt.... Ikkje berre ei, men to... Første so skjedde var at taket vårt fekk skade i ein av dei sterke vindane som gjekk over øyane då... Naboens garasje reiste, pipehattane våre blei rett og slett løfta i været (av vinden) og deisa deretter nedatt i taket og skada pappen... Det som verre var, var at vi dagen etterpå fant ut at her var lekkasje under golvet... Og då gubben tok hull i golvet åpenbarte dette seg...


Og JA, det lukta 10 gonga verre enn det såg ut... FYFLATE altså.... Her var det berre å få tak i takstmann og få hjelp... I løpet av desember og romjula fekk vi pakka ut alt, så var det å flytte ut frå heimen og begynne å rive.... 


Dette er pappen som låg under tildragarane... Gubben fekk god hjelp av nokre kompisar og fekk spadd ut all isolasjonen. Det var mildt sagt vått, men etter nokre dagar hadde vi då kommet til golvet.


Her er bilde frå stua vår, det kom folk og satt opp tørkerar... Desse stod der i fleire månadar, før det var sopass tørt at det vart "erklært" klart til å starte oppbygginga... Imens måtte vi bo utanfor heimen, den første månaden vart det bobilen som var vår tilhaldsstad. Men så fekk vi leige eit hus litt lenger inne på øya og her har vi det bra. For ja, vi bur her fortsatt... Forsikringa (takstmannen) hadde estimert dette til 4,5 månad, men ting tar tid... Etter mykje venting er endelig rørleggaren komen og er snart ferdig... Så då kan badet vårt snart verte støypt... 


Medan vi har venta på rørleggaren, og innimellom snekkarane så har gubben lagt nytt elektrisk på stua og kjøkkenet... Jammen bra ej he en mann so e eletrikkar :-)



No er takplatene på vei opp, så kanskje vi snart får ønsket vårt om å flytte heimatt oppfylt...
Men enn so lenge so he vi det bra her vi e då...

torsdag 10. april 2014

EITT ÅR HAR GÅTT.....

Fekk ei skikkelig "blogge-sperre", veit i grunnen ikkje kvifor...
Men i kveld (natt) set eg her, og skal prøve å få ned nokre ord.
Mykje har skjedd det siste året, kanskje vert det nokre eigne innlegg
om enkelte situasjoner og turer.. Ja, for turer har det vorte nokre av...
Sommarferien gjekk til Nord-Norge og Grense Jakobselv med bobilen,
ein super ferie med mange inntrykk... Vi fekk sett veldig mykje i løpet
av dei 3 vekene vi var på tur.


 Eit par bilder av OscarII kapell på Grense Jakobselv...
For gubben vart dette eit gjensyn med staden han tjenestegjorde førstegangstjenesta si, for meg vart det eit første møte med ein stad eg håpar å få kome tilbake til ein annan gong... Utruleg flott stad!!


Vi har ellers vore i både konfirmasjon, bursdagar og bryllup i året som gjekk, kjekke besøk og dagar ilag med slekt og vener... Og fleire kjem, om ein månad skal vi i konfirmasjon til M. Gledar oss... Og då vert det bobil-tur... Kanskje vert det visning av nokre kaker etterkvart? Lovar ikkje noko, men kanskje :-) 

Slutten av året kom med ei dårleg "gåve" då vi først fekk ei naturskade på taket vårt, det vart hol i pappen etter at begge pipehattane vart letta opp av vinden og deisa i taket på vei ned...
Same helga vart det oppdaga vannlekkasje hos oss. Det enda med at vi i romjula pakka og flytta ut frå heimen, for deretter å bryte opp nesten alle golv i boligen vår...  Vi bodde i bobilen i ein månad, før vi fekk leigt oss eit hus ikkje langt frå heimen vår... I skrivande stund er boligen under oppussing, også badegolvet (som ikkje var innkludert i begynnelsen) er no brutt opp... Det var også vått under der, så det vart ikkje tørt rundt badet... 
Ting tar tid, men til slutt tror vi det blir flott i heimen! Vi har det bra her vi bor, men no gledar eg meg til å få flytte heimatt!