Ja, så er bestillinga på "lua med dusk" ferdige...
No er det berre å få den i posten, saman med bursdagsgåve til lillesøstra til bestillingsinnehavaren ;-)
fredag 27. januar 2012
ØYA på langs, ein flott fjelltur ;-)
Forrige helg fekk Mira og eg oss to flotte fjellturar, fredagskvelden gjekk vi på "Mannen"... Det var snø siste stykket så for første gong på lenge hadde eg gangsperre...
Laurdagen vart det derfor heimeturar på oss innimellom ryddesjau i "butikken" vår...
På kvelden var gubben og eg på jubileumsfest for koret her ute, med nydelig middag og underholdning. Koret hadde flott konsert med revyunderholdning, det var kjempeflott!
Søndagen var vi klar for fjelltur igjen, denne gongen var gubben med og vi bestemte oss for å starte på eine endel av øya :-)
Mira storkoste seg i snøen, vi hadde nydelig solskinn og var på tur i 4 1/2 timar.
Frå Rødhammaren ser vi både "Mannen" som er høgste punktet på øya, og vi ser til endes der vi skal nedatt etter endt tur... På baksida av fjellet :-)
Nydelig solnedgang då vi var komne på "Mannen"...
No var eg begynt å bli ganske sliten, men ein greier mykje når viljestyrken er der ;-)
Så er vi på veg utover fjellet mot Ulla, litt av eit syn å avslutte ein flott dag på ;-)
Dette er utsikta mot sør, hadde det vore klart hadde vi vel sett heilt til Stadt...
Begge var einige om at denne turen vil vi ta oppatt, ein kjempeflott tur!!
torsdag 26. januar 2012
Ferdig.... Og nytt arbeid :-)
Så var herre-bunadsskjorta ferdig, og skal leverest til oppdragsgiveren neste helg :-)
Idag kom også pakken med grått luegarn (Drops Eskimo) så nå blir det "gråe lue med dusk" til tante`s go`gutt på 10 år... Passa godt det kom idag!
Går fort å strikke, så den blir nok sendt over helga håper jeg...
Mira koser seg i stolen, men nå er det leggetid så da blir det buret på ho!

fredag 20. januar 2012
Kake...
Torsdag kveld og eg held på å lage kake... Sjokoladekake med fondant-trekk og marsipan-detaljer!
Kaka bakte eg i gårkveld, men så... Uheldig!!! Typisk når den er til nokon andre...
Så no måtte eg bake ei ny i kveld, vente til den var kald nok til å dele opp for så å fylle og pynte den!! Men eg syns den vart ganske fin då :-)
Bunadsskjorta eg held på er no nesten ferdig...
No er det kun trådtungene på ermlinningane og halskragen som er att :-)
Nye prosjekt er komne i hus, i går fekk eg ein ny bunad til brodering...
I dag kom ein pakke eg venta på... Sjå her :-)
Desse garn-nøsta skal bli til noko mjukt og deilig, merino-ull og alpakka ;-)
Kanskje eit sjal av den blå-lilla, sokkar av den grå-svart og den grønne hmmm...
Sjal eller skjerf kanskje??
Men før den tid så er det ei grå hue (lue) som står på programmet.
Ein av tantes godgutar (10 år gamle J.) ringte og spurte pent om eg kunne strikke ei "gråe lua, med dusk... ja, viss du kan å laga dusk då"...
Kven kan vel stå for den bønna??
tirsdag 17. januar 2012
Strikking og trim...
Mira og eg hadde oss ein flott tur på fjellet "vårt" i går... Då vi kom nedatt skulle eg sjekke opp den nye hobby`n... Projo-forum :-)
Eg hadde fått svar på linken min med spørsmål om GAAA og hadde også fått svar på mailen til produkter om at de dessverre ikkje hadde mønsteret inne lenger... Så no er det å håpe at tipset eg fekk på linken kan gje positivt svar :-)

No er vi snart klare for natta ;-)
Skal berre ha oss ein siste luftetur ut først!
Mira var på fjelltur idag ilag med gubben, medan eg og ho hadde oss ein kveldstur langs vegane no i kveld...
Ha ei fortsatt god veke!!
lørdag 14. januar 2012
Januar...
Starta eit nytt år med mange gode forsett, blandt anna skal eg trene og kome meg i god form... Har planer om å delta i eit motbakkeløp i mine barndomstrakter til våren ;-)
Eg starta godt og søndag var vi på topptur til "Mannen" ilag med våre gode naboer og venner. Vi var kjempeheldige og fekk strålande solskinn!
Ein fantastisk tur, som vart avslutta med litt hønejakt...
Denne veka starta bra, men frå tysdag av har eg stort sett tilbrakt på sofaen eller senga. Influensa, eller noko som liknar...
Har sydd nokre få sting på ei herreskjorte eg held på med, men det er alt... No ligg eg etter tidsskjema med fleire prosjekt, får satse på eg kjem i mål likevel!!
Det siste nye på håndarbeidsfronten er at eg har meldt meg inn i eit nettforum (projo-forum) spennande å sjå kva andre gjer og mange nye idear til nye prosjekt :-) Dei har òg ein nettbutikk, mykje ny og spennande tråd eg ikkje har prøvd før....
Eit prosjekt eg har "sikla" etter ei stund er "The Great American Aran Afghan"... Det er eit stort, strikka lappeteppe... No har eg håp om å få tak i mønsteret, det vert ei kjempeutfordring for det er berre på engelsk....

Har forresten kjøpt meg ei ny bok, kanskje det kan bli nokre vottar på strikkepinnane... Kven veit, var i allefall mange flotte mønster i denne boka!
Bunadsskjorte - igjen ;-)
Denne gongen er det påtegna dameskjorte til Sunnmørsbunaden eg er ferdig med.
Den er sydd på bestilling og denne hausten gjekk eg kurs for å lære dette!
Nærbilde av ermlinningen..
Dei to ermlinningane og halskragen er ganske like.
Skulderstykke, trådtungene på desse er store i forhold til dei små på ermlinningane men det er slik det skal være etter mønsteret.
Sjølve skjorta er sydd med holkant og plattsøm framme...
Detaljbilde av skjorta.
Litt handarbeid også...
PAY IT FORWARD 2011
På Facebook i fjor var det ein link ved dette navnet. Dei 5 første som trykte "liker" på statusen din skulle du gje noko heimelaga til. Og så måtte dei sette den statusen på sin eigen. Eg gjorde dette og fekk 5 hyggelege venner å gje ei lita oppmerksomheit til.
Eg har laga kjøleskåpsmagnetar, dessverre fekk eg ikkje ferdig alle i tide...
Men dei er på veg :-)
Ei venninne skal få noko anna, då ho sjølv har laga slike...
Eit lite grand-tantebarn fylte 2 år i desember, ho fekk Marius-genser...
Noko mamma`n hadde hatt på ønskelista ei stund, no fekk eg nokre timar ledig ;-)
(Du kan takke "Dagmar" for dei timane, det går utmerket ann å strikke i stearinlys)
GODT NYTTÅR 2012
GODT NYTTÅR
Eg starta nyttårsfeiringa med topptur på "Mannen" ilag med nabofruen og ettpar damer til.
For første gong ein nyttårsaften gjekk eg på fjellet, og for første gong gjekk eg ei rås utpå kantane!
For ein fantastisk opplevelse, med min høgdeskrekk vart dette ei overvinning...
Eg hugsa heldigvis fotoapparatet og fekk tatt eit bilde! For ei flott utsikt ;-)
Endelig oppe, Mira var sjølvsagt med ;-)
Etter dette var det heim til besøket vårt, far og bror som feira ilag med oss, og til gubben som hadde laga middag!
Utpå kvelden var det nyttårsfyrverkeri!!
fredag 13. januar 2012
"Dagmar" kom 1.juledag..
Medan vi enno var synnaføre hadde juleorkanen "Dagmar" seg ein feiande vals over Vestlandet...
Det var ingen velkommen vals, men det høyrde ho ikkje på den godaste "Dagmar"...
I romjula og 1.nyttårsdag måtte vi ha oss synfaringsturar uti Myrane for å sjå...
Det var kasta mykje tang og tare langt opp på markane, ilag med garnkuler og anna søppel.
Mira var med, denne turen fekk vi oppleve nydelig solnedgang.... Vi gjekk ilag med tantebarn og grandtantebarn... Matpause hadde vi også ;-)
JULA 2011
22.desember feira svigermor sin 85 årsdag, med stort koldtbord og mange gjester. Denne oppsatsen pynta bordet ilag med fleire og etterpå fekk vi den i julegåve :-)
Nydelig!!!
Vi reiste til mi barndomsbygd for julefeiring der, Mira fekk også julegåver...
Denne apekatten var stor-suksess!
Lagar lyd gjer den også ;-)
Kransekake-overraskelser
Som eg fortalde før jul så hadde eg nokre planer med kransekake-hjerta eg bakte.
Eg bakte 10 kransekaker og nokre vart gåver til slekt og vener,
Her er ei av dei pynta og klar for levering ;-)
Eg bakte 10 kransekaker og nokre vart gåver til slekt og vener,
Her er ei av dei pynta og klar for levering ;-)
På nokre var det strikka englar eller nissar, på andre englepynt frå Spania...
tirsdag 6. desember 2011
Endå meir julebaking....
Eg elskar å bake... Heldigvis er det mange som vert glade for heimebakst...
Gubben og eg har i snart 2 år levd lavkarbo, så på oss vert det ikkje mykje kaker til dagleg!
(men litt snusking i kakefatet til jul vert det jo då...)
Dei siste åra har eg hatt som tradisjon å gje kransekaker til nokre venninner! Årets første kransekake vart ferdig idag, ilag med Sarah Bernhardt-kaker og kransekakepinner!!
Og kransekake-HJERTER....
Dei siste skal få ein liten hovedrolle i årets julehelsing så det kan eg ikkje røpe meir om her ;-)
Men skal nok kome med oppfølgjar på akkurat det etterkvart!

Det er nok nokre som vert glade til jul i slekta vår ja ;-)
Og kransekake-HJERTER....
Dei siste skal få ein liten hovedrolle i årets julehelsing så det kan eg ikkje røpe meir om her ;-)
Men skal nok kome med oppfølgjar på akkurat det etterkvart!
Tid for litt baking...
Vi har laga, og hengt opp årets mør og julemiddag! Sist fredag var tida koma til å få årets svinemør i boks... Men først ein fjelltur ilag med gode venner & naboer, og Mira....
Gubben og eg fekk laga heile 49 svinemørar, deilig til julemiddagen og middagar utover året som kjem :-)
Laurdag var det nye steg på fjellet, også denne turen med kjempekoselig følgje av samme turfølgje som fredagen... Etter denne turen var eg hjå svigermor ilag med ei av svigerinnene mine... Denne dagen skulle lefsene lagast... Etter mange timar kunne vi fornøgde fastslå at 150 lefser var klare til å smørjast...
Har ikkje så mykje trening i lefsebaking, men var rimelig fornøgd med forma på lefsa!!
Lefseladet mitt, ferdig smørt!!
Fint ferdig, det var heldigvis søndag neste dag.
Eg var til kyrkje på føremiddagen, mens ettermiddagen gjekk til avslapping :-)
Long time....
Denne hausten har vore ein hektisk haust, med nye og spennende utfordringer i jobben min, ei Mira som skulle luftast både morgonar og kveldar. Dressurkurs, bunadskurs, Alpha-samlingar og diverse andre "happenings" å delta på... Dermed har det ikkje vorte så mykje blogging som eg hadde tenkt meg, men NO kjem her litt...
Etter ein lang og som sagt hektisk haust skulle den siste ferieveka mi avviklast.. Eg var kjempeheldig!!! Fekk eit tilbud som nesten var for godt til å være sant, men eg fekk altså tilbud om å være med ei venninne til Spania i leiligheta til foreldra henna... Det var deilig å ha ein slik tur i sikte og endelig kunne eg sette meg på flyet... Rolege dagar låg framføre, oppladding til juleførebuingane :-)
Vi fekk eit par dagar med strandvær, ellers var det shoppingvær og ein av dagane, skikkelig innevær :-)
Litt soling på terrassen vart det også tid til :-)
Men kom heimatt med nesten halvparten av årets julegåver i kofferten... Vart så mykje at eg måtte gå til innkjøp av ny reisebag (ein STOR)...

Denne dagen var litt "ruskete", men vi gjekk ein fin tur på piren...
Nokre surfera nytta bølgjene til litt morro...
Men siste dagen kunne vi nyyyyte til fulle på stranda...
Årets siste (?) bad vart tekje denne dagen, i allefall i sjøen!!!
TUSEN TAKK til T. for at eg fekk være med!!
lørdag 29. oktober 2011
Fjellturar!!
Mira og eg har vore på mange turar ilag i det siste, mange av dei på morgonen!
Vi har stått opp og gått på fjellet i 6-tida! Ja, du las rett... I 6-tida!! Dei som kjenner meg veit at eg så absolutt ikkje er den mest morgonfriske av oss, men jammen har eg kome meg ut ja... Vi har kost oss, og det har vore innmari godt for både hund og eigar å starte dagen slik!
Dei dagane vi ikkje har vore på morgontur så har vi gått på ettermiddagsturar, bildet er frå turen vi hadde fredag 28.oktober! Det var eit ruskevær, men vi var så heldige at det var mest vinden som nådde oss.. Nedbøren reiste forbi!!
Ut mot havet!!
Mira har fått seg refleksvest, idag tok eg den på då vi gjekk på fjellet... Vi går langs fjellvegen og der kjem nokre gongar traktorane. Eg kom til at det var best å sikre ho ;-)
Sidan ho er go`jentå vår så blei det ROSA vest ;-)
Etter ein slik tur er ho ofte ganske trøtt, søv oftast i mange timar då!
SLAKTETID...
Haust betyr for oss slaktetid...
Mira var svært fornøgd når slakta kom i hus...
No er slakta partert og komne i frysaren eller til tørk! Dei siste dagane har vi holdt på med saudeslakt. Reinskore, mæle opp til farse og vi har "føggla" mør og sydd rull. Det er ikkje nok med ein sort her, møren skal både boknast og tørkast...Fårerullane skal være både med kjøtt og kjøttfarse. Dette er eit intenst arbeid, men no er det gjort ;-)
Mira "hjalp til" på sin måte, veldig greit å få ho opptatt med noko og gjett om det var ei som storkoste seg!!
Litt av rullane eg har sydd! I år fekk eg 13 rullar i litt varierande størrelse av dei 2 slagsidene som var på sauen. Eg kan hugse at mamma sydde og laga rull kvart år, men eg fekk ikkje interessa for dette før gubben kom inn i livet mitt! Svigermor har lært meg dette, både å dele opp slagsidene og fylle dei. Vi brukar salt og allehånde som krydder, og dette vert både til middag og pålegg!!
Så var det møren som skulle "føgglast"... Eit forferdelig rart uttrykk som eg aldri hadde høyrt før eg kom hit på øya... Kvar det stammar frå veit eg ikkje, men det betyr at vi stappar mørdeigen i tarmane! Dei små, korte til venstre skal boknast. Då heng dei 7-8 dagar før vi frys dei ned. Dei lange til høgre vert tørkamør, dei skal henge like lenge som ribbesidene! No er julematen sikra ;-)
søndag 25. september 2011
Bunadsstrømper...
Endelig ferdig med endå eit prosjekt...
Når gubben og eg er på bilturer, det være seg ferie, til/frå etapper, byturer el.lign. så er arbeidsdelinga ganske grei! Han kjører og eg strikkar ;-)
(kjører avogtil eg og, men....)
Desse bunadsstrømpene er 30-års gåve til den yngste av brødrene mine! Han fylte år i sommar, og no er endelig strømpene også ferdige!
Dette er strømper med havskum-mønster, tilhøyrande Sunnmørsbunaden!
lørdag 24. september 2011
Blomsterprakt frå hagen
Var ein tur i hagen i går, enda det snart er oktober så fant eg ein flott bukett å pynte med :-)
Her er litt av kvart, eg kan ikkje så mange av navna (hihihi)
Men roser har vi no, denne buketten vart i den rosa sjangeren.
fredag 23. september 2011
Solnedgang...
NÅR SOLA GÅR I HAVET GLØDER HIMMELEN I VEST
Fantastiske solnedgangar har vi her ute i havgapet...
Mot fyret på neset...
Bålet midt i bildet matcha fargane i sola...
Abonner på:
Innlegg (Atom)