torsdag 8. september 2011

Nye kaker ;-)


Eg har baka nokre kaker den siste månaden også... 

Bilda er tekne seint på kvelden, litt vanskelig å få fram rosafargen men det øverste bildet er mest fargelikt!! Brudeparet på toppen er litt utradisjonelt, men eg syntes det var litt morsomt ;-)

Den eine var ei bryllupskake, eg syntes den vart ganske bra! Har prøvd å få til ei "linje" på kanten av kaka med blomsterknapper... Kaka var fylt med vaniljekrem og aprikos, og trekt med kvit marsipan og rosa detaljer...

Første helga i september var eg invitert til ei av mine venninner i hennar 50-årsfeiring... Veldig kjekt og eg tok med ei kake til ho også... Samme fyll som bryllupskaka, vart ganske nøgde... Men ser at denne spesialmarsipanen kan "svette" litt dersom den vert for tynn eller ikkje dekker heilt ned på fatet...
 

Enda meir blomsterbilete frå Myrane... 
Eg er ikkje så stø på blomsternavn, men syntes desse var vakre...






Fantastiske Myrane...

Blåklokkebiletet er tekje ein fin vårdag på tur, rullesteinane ligg der og ventar!
Når ein tek seg tid til å berre være i fjøra og sjå, det er då ein kan sjå alt det flotte som berre ligg der... Myrane er freda, dvs. der er fuglefredningsområde... Men i tillegg så er det ufattelig fredeligt der ;-)

Mira (og vi) skreiv oss på i boka som ligg på Staveneset, viktig å halde tellinga på kor flinke vi er å gå!!


Mykje stein og berg, men innimellom veks det blad og blomar... 
Utrulig at dei overlever i berre pittelite jord...

VAKRE KVELDER...

Naturen, og solnedgangane, uti havgapet er fabelaktige...


Skyer i solnegangen, spektakulært...


På biltur en tidlig sommerkveld!

Skikkelig pastell-aften ;-)
Er det noko rart vi synest vi lever "Det gode liv"???

Tante-tid

For nokre veker sidan fekk eg ei heil helg med tante-tid (og svigerinnetid)...
A. som er den eldste av tantebarna på mi side kom på besøk ilag med mamma`n sin..
Det vart mykje snakk og litt tur, laurdagen var vi på min yndlingsplass her ute :-)

 Her har vi ein puste- og fotopause... Området i myrane er berre heilt utrulig flott!
Guds skaparverk, uendeleg stort...




Rullestein-stranda har mange flotte skattar ;-)


Bølger er avslappande...


tirsdag 16. august 2011

Bloggtørke...

Den siste månaden har det vore (litt tilfeldig, men...) Bloggtørke her på tantes hjørne! Det vart ferietid og tur, og fjellturar og oppstart på jobb att! I skrivande stund er eg allerede inne i den 3.arbeidsveka etter ferien, godt i gang med andre ord! Dei siste dagane har eg avslutta fleire prosjekt eg har hatt på gong! I går kunne eg levere frå meg bunad nr.2 som endelig var ferdig... No har eg "berre" nokre skjorter og strømper på gang ;-))
Jaudå, litt å gjere... Ellers er det jo alltids spennande med nye ting å lage!!!
På laurdag brukte eg mange timar til å kløyve ved, og i dag har eg fått stabla ferdig alt... Eg var Veeeeldig fornøgd, mange gode timar med varme etterkvart av desse stablane!!! Sjølvgjort er velgjort ;-)

fredag 8. juli 2011

"Mannen"

I går hadde eg nokre timar heilt for meg sjølv, og då fekk eg så lyst å gå på fjellet..
Det låg der og "ropte", var så lenge sidan sist eg hadde vore der...
Dei siste månadane har det vore mest turar her på markane, berre nokre få koseturar på Tverrfjellet...
Men no skulle eg gå, forma var betre enn eg trudde..


Passerte Håmannen på 35 min, og ny rekord på Mannen vart 1 time akkurat ;-)

På veg nedatt fekk eg plutselig høyre ein lyd eg ikkje fekk til å stemme med naturen rundt meg..
Då eg løfta augene litt meir fekk eg sjå ein svær "turist" på veg ut fjorden ;-)


Litt dårlig kvalitet på bildet, det var tatt i disig kveldsvær... Med mobilen ;-)
Men størrelsen på båten går ann å sjå.... Dei er store og flotte desse cruise-skipa ;-))

torsdag 7. juli 2011

Blomar er alltid kjekt å få!!

SNILLE MANNEN MIN ;-)

Gubben kom ein dag heimatt og hadde kjøpt blomster til meg... 
Kjempefine roser...
 No har dei stått i over ei veke og dei står like flott!!

Yndlingsblomstren er solsikker, og då han fekk sjå dei så hadde han berre shoppa litt meir blomar ;-)
I dag har vi bryllupsdagen vår - 4 år!! 
Blomane kom på forskudd i år ;-)


Nydelige fargar ;-)))

onsdag 6. juli 2011

Litt skryt ;-)

Det går i kaker, Mira og hage her på bloggen...
Dette innlegget er frå kakefronten ;-)

GRATULERER MED BRYLLUPSDAGEN TIL S & T



Eg har fylt kaka med aprikossylte og vaniljekrem, og kaka er pynta med marsipan..
Denne var levert til eit bryllup, etter ønske frå bruden var den lilla ;-)
På veien til bryllupslokalet holdt den på å sige sammen, men fikk heldigvis støtta den opp med litt folie...

Fjellturer ;-)


UT PÅ TUR, ALDRI SUR.....


KVILE må til etter ein super tur ;-)

Den siste veka har vi endelig fått begynt å gå litt lengre turar, 
og Mira har vore kjempefornøgd og spring lett på tå ;-)

mandag 27. juni 2011

Hagen vår ;-)

Hagen vår er innimellom eit virvar, men denne helga fekk vi i allefall klipt litt kantar... Og godt var det! Det var nyyyyydelig solskinn og Mira og eg var heime åleine...
 (Gubben var på skuletreff, han hadde nok hatt det kjekt ja... )
Vi koste oss Mira og eg også, men kantklipparen, ja den var ein smule nifs..
 Frøkena låg skinnflat under ei buske og kikka på...

Vi har mykje flotte pionar ++ og no kom dei litt meir fram. Hagen er eit prosjekt over fleire år, målet er å flytte busker og blomster meir saman slik at det vert lettare å klippe plenane... Vi har begynt, grev og plantar! 

Lupiner, desse er i ein mørkare rosafarge enn dei ein vanlegvis ser langs vegkantane! 
Nydelege!!

Roser har vi mange forskjellige av, denne er ei enkel nypelignande men i ein mørk, flott farge! Navnet veit eg ikkje, men muligens kinesisk ettelleranna?? Kanskje nokon kan hjelpe??

Nyyydelige orange roser... Denne har forferdelig med torner, men luktar deilig!!

Om ikkje så lang tid blomstrar nok også klatrerosene og klematisane!  Frå april til langt ut på hausten kan eg ta inn blomster i vasane... Snakk om å være heldig!!!


Nytt om MIRA

                                Mira har blitt stor "jente" på 3 mnd.
I skrivande stund ligg ho ved føtene mine og pip i fortvilelsen over å
 ikkje få ut "godbiten" i tyggeleika si ;-)
Den er litt vanskelig og ho strevar hardt her.... Greier det nok etterkvart ;-)
Ho er med oss på jobb, der er ho flink å ligge i buret sitt.. Krever ikkje så mykje, men innimellom blir ho jo sjølvsagt litt lei. Kan jo bli litt lange dagar avogtil... Snart er det ferie og det blir deilig ;-)

             Ho er ellers ei grei valpefrøken som leikar, går småturar og søv!

Nattevåk har vi sluppet unna, om dagane vil ho helst sove meir eller mindre oppå føtene våre ;-)


Tennene klør og ho gneg på det meste... Her har ho "lånt" seg ein hjortefot frå ei anna hundedame...
Ellers går det i grisehalar, tyggeleiker, vedkubbar (!) når ho er ute, og hender og føter... Det siste er ikkje lov, men når det klør som verst så er det ikkje så lett å la være ;-)


Mental trening er viktig, melkekartonger og andre esker er flotte... Her er det ein kremboks som får gjennomgå, inni ligg belønninga ;-) 
Svinesteik, pølse, leverpostei eller andre godsaker....

"Skal tru kven dokke er??"
Kjempespennande var det i allefall!!

MIRA og "mor" har vore på vår første fjelltur ilag.... Gjett om det var ei som storkoste seg, lett på tå sprang ho i vei... Skikkelig kjekt og masse nytt å snuse på!!
Ei flott turvenninne ;-D

Kakehobbyen min ;-)

Den siste tida har eg fått god annledning å lage kaker... Det er kjempekjekt!!

I slutten av mai fylte ein kollega år, kjekt å få overraske med ei kake då...  Det vart skikkelig "gammeldags" blautkake med bær ;-)


14.juni fylte ei av mine svigerinner 60 år og eg laga ei kake som eg hadde med...

Det var også jonsokfeiring her på øya... 
Då baud det seg ei ny annledning til å få pynte litt kake...


Til helga vert det ei ny kake.... Stadig nye annledninger... Og det er gøy!!
Eg er ikkje ekspert, men syns det er kjekt å lære OG øve... Seinare denne veka skal eg på "kurs" med ei svigerinne... Ho er superflink!! Dersom eg vert halvparten så flink som ho skal eg være fornøgd ;-)



Jentebølgen

For nokre veker sidan, 9.juni, deltok dei fleste på arbeidsplassen min i Jentebølgen!! Artig å være med på noko så storslagent, fleire tusen damer i alle aldrer gjekk/sprang ilag i fleire byar i Norge. Vi deltok i Ålesund, etter den sportslige "utskeielsen" gjekk turen for vår del vidare til Egon der vi koste oss resten av kvelden ;-)


Ein fargesprakande gjeng i fint driv, det regna men kva gjer no det i koselig selskap??
                Dette vart vår sommaravslutning for personalet, som absolutt fristar til gjenntakelse ;-)

onsdag 8. juni 2011

Mira møter Mia..


Uphs... Best å ligge litt lavt i terrenget ;-)
Mia er ei flott malamut-tispe som vi har treft ett par gongar.
Mira ser ut som ho storkosar seg, gøy med andre hundar ja... 
Ho er jo godt vandt med mange hundar ilag med seg der ho kom frå! Og så omtrent ingen her...
 Jaja, vi benyttar alle sjansar når dei byr seg!

Arbeidslyst ;-)



Mira og eg har hatt nokre dagar heime og vi har vore tidlig oppe. Eine morgonen var vi komne ut i hagen før kl.8... På kne for å fjerne løvetann! Mira syntes det var morro å "jage" rundt matmor som prøvde å jobbe... Hmm... Var ikkje morgentrøtte meg som gjorde det før Mira kom inn i livet vårt!  Ikkje like lett med ein ivrig "hjelpar", men til slutt hadde vi no fått vekk alt. 

Planta litt bunndekkande "mose", satt ned syrinkvister, linjekonvall, vaska husveggar og klargjort for beising OG vi er ferdige med 2 strøk beising på eine sida av huset... Berre 3 sider att ;-)


Huset vert grått ;-) 
Butinox Dekkbeis, farge "kontur", alle lister skal være kvite..


Gubben slo plena, hadde tenkt at ho vart redd.. Men den var berre spennande ;-)

Jau, vi har hatt arbeidslyst... Mira har forresten fått løpestreng, og der har ho kost seg... Mykje spennande å utforske for ein liten kvalp i ein stor hage...

søndag 29. mai 2011

ULLA-TUR

Denne helga har det vore songarstemne her uti havgapet. 
I dag var vi ein tur på Ulla Fyr for å sjå songartoget som gjekk frå Ulla og ut til fyret. 
Her trefte vi Scott m/matmor og familie, Mira syntes det var veldig spennende å helse på han (dei har treftes 1 gang før).

Dei leika ilag før det vart ein mini-utekonsert i vinden...


Alle kora stilte opp og hadde ei urframføring av eit nytt korarrangement frå Henning Sommero si hand, av "Mellom bakkar og berg.... Kjempeflott!!!

På vei heimatt trefte vi ei "litt" større malamutt-tispe... 
Mira syntes det var veldig spennende ;-)
Kjekt å få ein hundeprat, og kjekt å leike...

Det var ei sliten og trøtt Mira, full av nye inntrykk, 
som "klappa sammen" og sov i 2 timar då vi kom heim...

"Ikkje forstyrr, ej søv..."


onsdag 25. mai 2011

BLOMSTERLYKKE

SOMMAREN nærmar seg, ute bles det opp mot full storm... Det regnar og bles ;-)
Og litt lenger sør, på Staden velta ein bobil i vind så sterk som orkan i kasta... Det gjekk heldigvis bra med turistane som var innvolvert, men som de skjønar så er det skikkelig ruskevær...


Vår vesle Mira må uannsett luftast og vi må ut... 
Ho kosar seg i vinden, her er eit bilde tekje i blæsten ;-)

Blomstrane får hard medfart her uti havgapet, men innandørs kan ein gle seg over vakre blomar!
Då vi gifta oss hadde eg kvite cala i buketten, veldig enkelt men vakkert...

I går fekk eg sjå cala i fleire fargar på butikken her, eg greidde ikkje bestemme meg så det vart to...


Ein lilla og ein som nesten har svarte blomar... Flotte og utrulig vakre :-D
No pyntar dei opp i heimen vår - skikkelig BLOMSTERLYKKE i blæsta!!!

GLEDE......



Kva er glede? Det kan jo være så mykje vi er glad for...
Eit godt ekteskap, ein heim (som er god å kome heim til sjølv om det er rotete), ein trygg og sikker jobb, verdens flottaste utsikt, ein stor hage (sjølv om ej ikkje e så glad i å luke osv.), glede kan være å skape ting med hendene sine, både handarbeidsglede og bakeglede er i heimen vår ;-) 
Gode barndomsminner, familie og venner er òg noko av det eg gler meg over... I morgon skal ein av tanteungane mine få operert bort ein "pinne" som han fekk innoperert etter eit lite vinteruhell... No er bruddet grodd og heldigvis ser det ut som at han slepp noko plager vidare.

I helga var vi på besøk hos min kjære pappa og lisjebror. 
Mira var med og skulle sjølvsagt visast fram... Ho storkosa seg på barndommens trakter ;-)

Eg fekk også tid til ein tur på "Maryland" og til topps på skogsvegen... Det er alltid godt å kome dit, det var mamma`s sted. Ho elska den plassen, gjekk der ofte på turar... No er plassen og turen ein fin mimreplass <3

tirsdag 17. mai 2011

GRATULERER TIL ALLE MED 17.MAI

17.mai i år gjekk for seg i rolige former 
for vår del ;-)

Mira og eg starta dagen i 7-tida med ein tur ut, og så tok eg litt oppvask medan Mira åt litt. 
Vi sov litt til, til gubben også stod opp... 
Då var det tid for å ordne seg, ete frukost ilag før vi kjørte til sentrum for å sjå folketoget... 
Vanlegvis er vi til gudsteneste, men Mira kan ikkje være med og i år er ho litt for lita til å være heime åleine såpass lenge... 

   Mira syntes visst det var litt stas, ho satt rolig i fanget mitt...


I FARTA......

            Etter toget slappe vi av litt heime før vi reiste til svigermor med middagen vi hadde tilberedt ;-)
Svineribbe,bokna og tørka mør med tilbehør... 


Har lufta oss, sett på kyrne på gården (og gjødd litt på dem..) 
Besøkt familien og hilst på kattene deres (enda litt mer gjøing både på katter og kråker)

Tulipanene i hagen får hard medfart.... Det er så artigt å bite i dem :-)

No er vi endelig heime, og Mira har slokna i buret sitt... 
Må nok vekke ho og ta oss en luftetur før natta ;-)

I morgen blir en ny dag med nye opplevelser...